Søk

Du er her:

Inn på tunet – ein del av eit offentleg kvalitetstilbod

Publisert 11.08.2011

Den årlege nasjonale Inn på tunet konferansen går føre seg på Hamar 21.-22. september.

 Fokusområde for konferansen denne gong er det offentlege sine krav og rammer for utviklinga av Inn på tunet tenester i framtida. Konferansen vil også sjå på Inn på Tunet i samanheng med ein ny nasjonal strategi.

Målgruppe for konferansen er offentlig tilsette, politikarar, Inn på tunet tilbydarar, organisasjonar og andre interesserte.
Fylkesmannen i Hedmark og Fylkesmannen i Oppland står bak programmet i samarbeid med Innovasjon Norge, Hedmark Bondelag og Hedmark bonde- og småbrukerlag.

Foredrag og innlegg om:

• Kvalitetssikra skoleretta tilbod - i samsvar med Opplæringslova og læreplanverket
• Pågåande arbeid med ny nasjonal strategi for Inn på tunet
• Det nyaste frå forskinga på Inn på tunet
• Økonomien i Inn på tunet tiltak for kommunane
Det vil bli gjennomført parallelle sesjonar med kompetansepåfyll for både kjøpar - og tilbydar.

Meir informasjon og påmelding her.

Saken er hentet fra nettsidene til Hordaland Bondelag

Bondelagets temaside Inn på tunet

CorePublish publiseringsløsning