Søk

Du er her:

Kontakt Rogaland Bondelag på tlf. 51887270 / rogaland@bondelaget.no

Retningslinjer for økonomisk støtte til større arrangement i lokallaga

Publisert 15.04.2009

I samband med drøftinga av søknad om økonomisk støtte til politiske møte i vinter bad styret administrasjonen om å leggja fram ei sak om retningslinjer for økonomisk støtte til større arrangement lokallaga gjennomfører. Med grunnlag i drøfting i styret vedtok fylkesstyret i møte 2. april 2004 følgjande retningslinjer for tildeling av midlar til arrangement lokallaga står overfor:


• For møte lokallag tek initiativ til og gjennomfører, vert det ikkje gitt direkte støtte til frå Rogaland Bondelag sitt budsjett. Det gjeld og i tilfelle der fylkesstyremedlemmer eller administrasjonen hjelper til med planlegginga og gjennomføringa av møtet.
• Lokallaga kan søkja om aktive lokallagsmidlar til slike møte.
• Dersom lokallaga ønskjer å få betre økonomisk sikkerhet for om dei får slik støtte eller ikkje, kan dei før møtet vert arrangert, søkja fylkeslaget om å få tilsagn om støtte frå aktive lokallagsmidlar og kor mykje dei evt. vil kunna få.
• Ved søknad om midlar frå potten Aktive lokallag vil maks støtte vera 40 % av kostnader til lokalleige, annonser og utgifter lokallaget har med å knytta til seg eksterne innleiarar.
• Rogaland Bondelag gjennomfører som regel to rundar med regionmøte og dekkje kostnadane med dei. Ønskjer lokallaga i ein region fleire samlingar for lokallagsleiarane eller fleire frå lokallagsstyret, må lokallaga dekkja kostnadane med desse. Deltek eit styremedlem på slike møte dekker fylkeslaget reisekostnadar og daggodtgjersle til desse el. ein frå fylkeskontoret.
• Styret vil generelt prioritera støtte til møteaktivitet i lokallaga ved tildeling av aktive lokallagsmidlar.
• For møte fylkesbondelaget tek initiativ til og der ein ønskjer å ha samarbeid med lokallaga om planlegging og gjennomføring, skal fylkeslaget bera kostnadane med desse møta. Slike møte må vera eit ledd i ein plan Norges Bondelag ønskjer å gjennomføra eller at møtet er ein del av arbeidsplanen til Rogaland Bondelag.
• Ønskjer eit styremedlem møte med lokallagsleiarane i regionen må det avklarast før møtet, dersom fylkeslaget skal bera noko av kostnadane med møtet.
Retningslinjene vert sett i vert straks.

Stavanger 14. april 2009
Rogaland Bondelag
Arna Høyland Svein Helge Harbo

 

Av: Svein Helge Harbo

CorePublish publiseringsløsning