Fakta om import av landbruksvarer:
- Noreg importere landbruksvarer til ein verdi av 60 mrd kroner årleg.
- Varer til ein verdi av 40 mrd blir importert frå EU
- Importen av landbruksvarer til Noreg er i dag meir enn tre gonger så stor som i 2000
- Importen frå EU er 6 gonger så stor som norsk eksport til EU.

Norsk landbruk har mange fortrinn. Vi produserer mat på relativt små gardar over heile landet, har små og spreidde besetningar med lite smittepress, og vi brukar mindre antibiotika og sprøytemiddel enn bønder i andre land. Norsk landbruk er i verdsklasse på dyrevelferd og dyrehelse, dyra våre beitar på nokre av verdas beste beite og bidrar på den måten til å halde landskapet ope. Norsk mat er trygg.

Norsk mat kostar meir å produsere

Men på same tid er det er dyrare å ha eit landbruk i Noreg enn i andre delar av verda. Derfor har vi eit importvern for å utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda. Dei fleste land i verda har eit importvern. For norsk landbruk sin del er importvernet heilt avgjerande for å sikre norsk produksjon av matvarer vi har gode føresetnader for å produsere sjølv, som mjølk, kjøtt og potet. Varer vi ikkje lager sjølv i Noreg kan importerast utan toll, som til dømes bananar.

Vi har eit importvern for å utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda.

I Noreg importerer vi allereie over 50 prosent av den maten vi et. Norsk landbruk og landbruksbasert næringsmiddelindustri er ei av dei største næringane i Noreg og sysselsett om lag 80.000 personar. Samla produksjonsverdi er på om lag  150 milliardar kroner. Eit velfungerande importvern er viktig også for å oppretthalde produksjonsleddet.

Stor andel import

Importen av landbruksvarer til Noreg er i dag meir enn tre gonger så stor som i 2000, og utgjer no nesten 60 milliardar kroner årleg. Vi importerter for 40 milliardar kroner kvart år frå EU.

Våren 2017 inngjekk Noreg og EU ei ny avtale om handel innanfor artikkel 19 i EØS-avtalen. Avtala innebar ein auke i ostekvota på 1200 tonn og 1600 tonn meir storfékjøt. Dette tilsvarer mjølkeproduksjonen på 70 gjennomsnittlege mjølkebruk og 100 millionar kroner i tapt verdiskaping for norsk storfékjøtproduksjon. I tillegg kom auka import av blomar og frukt og grønt.

Verdas Handelsorganisasjon (WTO) regulerer også norsk importvern. Forhandlingane om ei ny WTO-avtale har pågått sidan 2001 (den såkalla Doha-runda). Resultatet kan bli redusert importvern, og reduserte moglegheiter for støtte.

Gjennom EFTA inngår Noreg fleire handelsavtaler. Dette legg stadig sterkare press på norsk importvern. Særleg uroa er vi over forhandlingane som no pågår med dei latin-amerikanske landa i Mercosur og ei eventuell forhandling med USA/tilslutting til TTIP, som førebels ligg på is. Ein rapport frå NIBIO (2016) omTTIP, viser alvorlege konsekvensar av ei slik avtale for norsk landbruk.

Norges Bondelag meiner:

  • Importvernet er ein avgjerande føresetnad for å nå det politiske målet om auka matproduksjon på norske ressursar.
  • Det er ikkje rom for auka importkvoter og redusert tollvern inn til Noreg
  • Kvoteauke og redusert toll frå EU-marknaden inn til Noreg undergrev norsk landbruksproduksjon. Dette må bli kompensert. 
  • Regjeringa må ikkje ”selje ut” norsk landbruk i forhandlingar gjennom EFTA eller bilaterale avtaler
  • Ei eventuell ny WTO-avtale må gi handlingsrom for auka norsk matproduksjon med ein variert produksjon over heile landet