SJÅ HER FOR PROGRAM, PÅMELDING OG FAGINNLEGGA 
Jan Bangen, advoktat i Norges Bondelag, skal halde bolken om eigarskifte. Jan har gjennomført mange slike kurs, og kursa hans er både vidgjetne og ettertrakta.
Vi trur samkøyringa med Agro Hordaland 2010 vil tilføre kurset noko ekstra, både faglege og sosialt. Målet er rett og slett å etablere ein felles møteplas for hordalandsbøndene, der tidsaktuelle tema vert tekne opp - og drøfta.
Debattmøtet fredagskvelden mønstrar mange storfresarar, med leiaren vår, Nils T. Bjørke, og Sveinug Svebestad, Norsk Landbrukssamvirke, i spissen. Det vert plenumsdebatt mellom innleiarane, med høve til spørsmål frå salen.
Hordaland Bondelag ser på Unge Bønder-kurs som ei prioriterte oppgåve, og har gode erfaringar med tidlegare arrangement. Vi vonar at det komande kurset også vil falle i smak, og ønskjer velkomen til trivelege og utviklande dagar.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon. Lokallaga vert oppmoda til å informere om kurset!
Sjå nettsida til Agro Hordaland.
![]() |
![]() |


