Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Sommarpuls: Nytt beiteutval på plass i Hordaland

Publisert 20.07.2010

Det nye beiteutvalet, som skal ta føre seg saker i organisert beitebruk i fylket, hadde sitt første møte i juni. Utvalet er samansett av representantar frå Sau og Geit, bondelaget, bonde- og småbrukarlaget og Fylkesmannen si landbruksavdeling. Tekst: Svanhild Aksnes (FMLA)

Nyetablering beiteutvalDet nye beiteutvalet. Frå høgre: Reidar Kallestad, Jarle Helland, Ole Johan Eidsnes, Helge Edvartsen og Svanhild Aksnes. Foto FMLA Hordaland.
I 2004 vart investeringsstøtta i organisert beitebruk teke inn i SMIL-ordninga, og vart dermed flytta frå fylkesmann til kommune. Då investeringsstøtta var ei av dei større sakene beiteutvalet arbeida med, vart dåverande beiteutval lagt ned. Frå i år er denne støtta tilbakeført til fylkesmannen som eiga ordning. Dette gav grunnlag for å etablere eit nytt beiteutval.

Første møtet
Første møte i beiteutvalet var den 21. juni 2010. Her brukte ein noko tid på å diskutere kva oppgåver beiteutvalet skal ha og det vart gjort tilrådingar til årets investeringssøknader i organisert beitebruk.

Midlar til investeringar
Det er totalt kome inn søknader på godt over 2 millionar, men det var berre kr 250.000 til fordeling. Det vart dermed streng prioritering av kva tiltak som skulle få tilskot. Det vart gjeve tilskot til sankeanlegg, saltsteinsautomatar og enkelte andre tiltak. Tiltak som til dømes sankehytter og radiosambandsutstyr var det ikkje rom for å gje tilskot til. Vedtaksbreva er no sende ut til dei aktuelle beitelaga.

Målsetjingar med utvalet
• Faglig støtte til landbruksavdelinga ved fordeling av investeringsmidlar
   i organisert beitebruk.
• Betre kommunikasjon mellom beitenæring og landbruksavdelinga.
• Høyringsinstans ved relevante saker som til dømes rovvilt, nasjonalpark.

Samansetting av utvalet
 

Namn Organisasjon
Helge Edvartsen Hordaland Sau og Geit
Ole Johan Eidsnes Hordaland Sau og Geit
Reidar Kallestad Hordaland Sau og Geit
Anne Bakke Handeland Hordaland Bondelag
Jarle Helland Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
Svanhild Aksnes Fylkesmannen i Hordaland

 Foto: Mette Håven Mørk


 

 

CorePublish publiseringsløsning