Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Skule: Dei tradisjonelle landbruksfaga tapar!

Publisert 01.12.2011

Svært få elevar på naturbrukskulane i fylket vel agronomlina og tradisjonelle landbruksfag, skriv Bergens Tidende, 26. november. - Ikkje overraskande, men urovekkande!, meinar Tore Henrik Øye i Landbrukstunet Kompetanse.

Les artikkelen her.

- Den manglande rekrutteringa, bør føre til samordna og forsterka innsats frå heile landbruksfamilen i fylket. Næringa vår treng flinkeNæringa må ta sviktande rekruttering til landbruksfaga på naturbruksskulane på alvor.  folk på alle nivå; frå bonden sjølv, til omsetjingsleddet, rettleiingsapparatet og den offentlege forvaltinga. Kunnskap er rett og slett nøkkelen til suksess. Vi bør difor bli flinkare til å synleggjere kompetansebehov, utdanningsvegar og yrkesmogelegheiter innafor både yrkesretta og akademinske fag, meinar Tore Henrik Øye, som planlegg eit initiativ ovafor næringa.

Landbrukstunet Kompetanse er eit nystifta førtetak i regi av Hordaland Bondelag. Intensjonen er å medverke til samarbeid om kurs, kompetanse, rekruttering og omdømmebygging - og å søkje brei kontakt om dette. - Invitasjon er med dette sendt ut, seier Øye!

Les oppslaget i Nationen: Norsk landbruksekspertise dør ut.

Aktuelle linkar om rekruttering

- Velg landbruk 
- Rett Landbruksutdanning 
- Naturbruk.no
- Vil bli.no
- Rekruttering til grønne fag på facebook

Kontaktinfo, Landbrukstunet Kompetanse:

* Tore Henrik Øye
   Tlf.: 55918885/91127337
   E-post: tore.henrik.oye@bondelaget.no

  

CorePublish publiseringsløsning