Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Salhusmøte om nytt liv i ledige landbruksbygg.

Publisert 22.01.2012 - sist oppdatert 31.01.2012

- Målet er å trigge entreprenørskapsånda, og stimulere til næringsmessig bruk av bygingar som har gått ut av drift. Dette kan gje både lønsemd, arbeidsplassar og sysselseting, innleia landbruksdirektør og prosjektleiar, Ole Bakkebø. - Og for økonomien sin del, er det viktig å kjenne både regelverk og mogelegheiter. Til dømes gjev bruk til næringsføremål, skattefrådrag, opplyste Arnestein Tveito, avdelingsleiar i Norges Bondelag.

- Intensjonen er å skape merksemd om sikring og bruk av bygningar til ny næring - og å peike på mogelegheiter. Det er sjølvsagt opp til Ole Bakkebø (t.v.) og Arnstein Tveito.kvar enkelt grunneigar å bestemme sjølv. Men for dei som har planar og interesse, ønskjer vi å medverke til prosessar og  prosjekt, informerte Bakkebø dei om lag 70 frammøtte i Salhus trikotasjefabrikk.

Arnstein Tveito presiserte kor viktig det er med kunnskap og økonomstyring i byggeprosjekt. Han tok føre seg forhold ved omdisponering, istandsettjing og utleige.

- Momsplikt eller ikkje, er avhengig av formålet med tiltaket, og verdt å kjenne til før oppstart. "Rett" innfallsvinkel kan bety mykje for økonomien i prosjekt, og det kan løne seg å søkje råd hos rekneskapsføraren i tidleg planfase, råda Tveito.

Prosjetet "Ny bruk av ledige landbruksbygg", inngår som del av eit nasjonalt prosjekt.- Vi disponerar ikkje investeringsmidlar, men har ein pott til å skape møteplassar, engasjement og interesse, fortalde Bakkebø, og viste til ordninga: Tillskot til statsvurdering av ledige landbruksebygg

Les Fylkesmannen`s Landbruksavdeling si omtale av møtet.

Av: Tore Henrik Øye

CorePublish publiseringsløsning