Rekruttering til næringa og grøn utdanning er viktige arbeidsfelt i Bondelaget. Mange lokallag samarbeidar med skular om mellom anna Landbruksspelet, gardsbesøk og informasjon om næringa og bondeyrket.
I foredraget på Tveit fortalde Frode om korleis han og kona Anne kjøpte garden på den opne marknaden. Etter kvart gjekk dei inn i samdrift, og for nokre år sidan bygde dei ny løe. Han viste bilete frå dei ulike stadia i prosessen. Det er nyttig informasjon for elevane å ha med når dei skal inn i landbruket etter avslutta utdanning.
Elevane fekk også ei innføring i kva Bondelaget arbeider med. Sveio Bondelag er mellom anna høyringsinstans i arealsaker i kommunen, i tillegg til at dei driv politisk arbeid og informasjon. Det sosiale er også viktig, og lokallaget har fleire medlemsarrangement gjennom året. Dei er også med og arrangerar Open Gard.
Neste lokallag ut er Huglo Bondelag og Stord Bondelag som skal besøkje 9. klasse ved Nysæter Ungdomsskule.
Les meir om Tveit vidaregåande skule her.


