Kjersti Toppe (Sp), Laila Dåvøy (Krf), Lars-Henrik Paarup Michelsen (V), Gjermund Hagesæter (Frp) og Øyvind Halleraker (H) møter fredag 20. mars på Stord Hotell.
Mat og matproduksjon er aktuelt som ”aldri før”, noko BT sin artikkelserie om ”Matkrisa” har synleggjort. Utfordringane er store, og samfunnet står ovafor viktige ressurs- og fordelingsspørsmål. Desse må løysast gjennom praktisk politikk, både nasjonalt og globalt. Jordbruket i Norge er ein del av denne løysinga.
Hordaland Bondelag stiller stortingskandidatane følgjande spørsmål:
- Kor viktig er matpolitikk for ditt parti?
- Skal vi framleis ha ein betydeleg matproduksjon over heile landet?
- Ønskjer de å oppretthalda eit levande landbruk på Vestlandet, og korleis skal dette sikrast.
Program:
Oppstart kl. 13.00.
• Dette meiner vi – stortingskandidatane presenterer sitt syn.
• Dette meiner vi - nestleiar Nils T. Bjørke presenterer Norges Bondelag sitt syn.
• Ordskifte.
Avslutning kl 16.00.
Denne delen av årsmøtet er ope for alle, og Hordaland Bondelag oppmodar alle interesserte til å kome. Dette vert ein spennande og viktig debatt!
Pressa vert invitert.
