Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Optimistisk statssekretær på Norske Fruktdager i Hardanger

Publisert 07.02.2012

- Norsk frukt- og grøntnæring har store muligheiter, sa statssekretær Buttedahl då han vitja Norske Fruktdager i Hardanger nyleg. Tema for konferansen var framtida for norsk frukt og grøntproduksjon, og Buttedahl var optimistisk.

Statssekretæren, som sjølv er fruktdyrkar, sa at forbruket av frukt og grønt i Norge er aukande. I den nye landbruksmeldinga kjem det fram at det er ønskeleg med offensiv satsing på produksjon av frukt og bær, mellom anna eple, plommer, jordbær og bringebær.

-Frukt- og grøntnæringa er konkurranseutsett, men den har også stor konkurransekraft, og aller størst når produsentane står saman. Vekst og auka verdiskaping kjem til gode for produsentane når dei opptrer i fellesskap, sa Buttedahl. -Stikkord for norsk fruktproduksjon bør være fornying og modernisering, auka produksjon, større profesjonalitet, meir samhald og enda betre kvalitet, meinte han.

Reidar Andestad i Oikos- Økologisk Norge uttalar at ein i norsk fruktdyrking får betalt for volum og ikkje for ekstra kvalitetssortar. Han meiner dette lett kan svekke interessa for å framme kvalitetar i fruktdyrkinga. -Sjølv om alle vil ha opp volumet i norsk epleproduksjon, bør ein økonomisk premiere dei som kjem med ekstra gode produkt, seier han.

Terje Larssen var Bondelaget sin representant på samlinga.

Les ein rapport frå samlinga skrive av Reidar Andestad (Oikos sine nettsider) 

Les Statssekretær Buttedahl sitt innlegg.

 

Av: Maria Makloufi Skjold

CorePublish publiseringsløsning