- Ikkje slepp taket på landbruksfaga og yrkesrettinga, Naturbruksutdanninga må gje praktiske yrkesutøvarar. Minst halvparten av
naturbrukselevane bør fullføre yrkesutdanning og kome seg ut i praktisk arbeid. Vidare ynskjer vi at minst halvparten på studieførebuande naturbruk, tek høgare utdanning innafor grøne fag - og endar opp som framtidas rådgjevarar, forskarar og naturbrukslærarar, sa rådgjevar Solveig Skogs frå Norges Bondelag i sitt innlegg.
Tore Henrik Øye snakka om samarbeidet med Stend, Voss og Hjeltnes om å profilera naturbruksskulane, mellom anna gjennom brosjyren "Hordaland Bondelag tilrår naturbruksskulane i Hordaland".
Øye streka under at samarbeidet både kan og bør utviklast - og at fylkeslaget sitt nye føretak, Landbrukstunet Kompetanse, ynskjer å medverke til dette.
Det finnes fleire måtar å gjere ting på - og tiltaka kan vere både samansette og
varierte, sa Øye, og meinte at innsatsen bør forankrast breitt i næringa.
Samlinga 10. og 11. november var den første i sitt slag. Den samla kring 90 deltakarar frå 25 ulike skular, frå Sortland i nord til Lyngdal i sør. Les Hordaland Fylkeskommune sitt nettoppslag om samlinga.
