Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Kvinnherad fekk Inn på tunet-midlar

Publisert 16.07.2012

Kvinnherad var ein av 11 kommunar som fekk midlar i det siste året av Inn på tunet-løftet. I Kvinnherad skal pengane nyttast til eit dagtilbud for demente. Bergen, Voss og Sveio kommune har tidlegare fått midlar gjennom satsinga.

Søknadskriterie i tillegg til samarbeid mellom kommune og tilbydar, er at kommunen står som eigar og at prosjektet har politisk forankring. Det kan søkast om inntil 50% av kostnadane, og prosjektet kan vare frå 1 til 3 år.

18 millionar kroner er nå fordelt på 77 kommunar gjennom Inn på tunet-løftet.

På nettsida regjeringa.no, finn vi følgjande oversikt over mål for Inn på tunet-løftet:

  1. bidra til forankring av Inn på tunet i kommunale og regionale planer og strategier
  2. øke antall Inn på tunet-tilbud i kommunene, gjennom langsiktige samarbeidsavtaler mellom kjøper og tilbyder
  3. gi brukere av ulike tjenester et mangfoldig og kvalitetssikret tilbud tilpasset den enkeltes behov
  4. skape samarbeid og nettverk, og gi økt kompetanse hos kommunen og samarbeidspartnerne
  5. stimulere til næringsutvikling i landbruket ved at flere bønder får kunnskap om Inn på tunet som næring, og at eksisterende Inn på tunet-tilbud styrkes
  6. gi økt profilering og synliggjøring av tjenestetilbudet

Les om Inn på tunet-løftet i Sveio.

Inn på tunet i Voss kommune.

Inn på tunet i Bergen kommune.

Illustrasjonsfoto frå Stend vgs.

Av: Maria Makloufi Skjold

CorePublish publiseringsløsning