I 2010 fekk Bergen kommune midlar frå Inn på tunet-løftet til eit toårig prosjekt, medan Sveio kommune fekk midlar til eit treårig prosjekt med vekt på ungdom. Året etter vart Voss med, dei fekk støtte til opplæring, helse og fritid.
Søknadskriterie i tillegg til samarbeid mellom kommune og tilbydar, er at kommunen står som eigar og at prosjektet har politisk forankring. Det kan søkast om inntil 50% av kostnadane, og prosjektet kan vare frå 1 til 3 år. Fylkesmannen er sakshandsamar før søknadane går vidare til Innovasjon Norge.
Har du forslag til eit prosjekt for Inn på tunet, eller er du gardbrukar og vil utvikle Inn på tunet på garden din? Da kan du kanskje søkje utviklingsmidlar eller Bu-midlar. Meir informasjon om dette og korleis søkje midlar gjennom Inn på tunet-løftet på Innovasjon Norge sin nettside.
