Det vert lagt ned mykje arbeid lokalt, og media er ofte på staden og rapporterar. Aktive lokallag er kanskje den beste reklame for næringa, og alle som stiller opp fortener honnør!
I år er det 14 lokallag som har sendt inn søknad. Mange av lokallaga har hatt stand på ulike handelsdagar og arrangement i bygda, og nokon har større arrangement som Open Gard, kalvemønstring, skogdag og jonsokfeiring for bygda. Eit vanleg tiltak er bondetreff eller bondekafé/pub, temakvelder, julemøter og andre samlinger for bønder og medlemer.
Nokre lag har arrangert jubileumsfest, og fleire har ulike kurs for medlemene, til dømes brannvernkurs. Andre aktivitetar er innsamling av rundballeplast, studiering om landbrukspolitikk og jordbruksforhandlingane og informasjon om næringa på ulike skuler. I tillegg er mange av lokallaga aktive i høyringer og med i referansegrupper og utval.
Det har hendt at lokallaga våre er så aktive at folk melder seg inn i Bondelaget for ikkje å gå glipp av det som skjer i bygda!





