Noreg er medlem i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) som vart oppretta i 1995. I dag er 164 land medlemmar av WTO.  Denne organisasjonen fastset reglar og rettar for handel mellom landa. WTO har sidan 2001 forhandla om ein ny WTO-avtale gjennom den såkalla Doha-runden. På landbrukssida blir det blant anna forhandla om eit nytt regelverk for nasjonal landbruksstøtte, importvern og eksportsubsidiar. Desse forhandlingane er ikkje i mål.

I praksis er handelen mellom EU og Noreg på landbruksvarar svært ubalansert. Importen frå EU er 6 gong så stor som norsk eksport til EU.

Dei fleste av Noregs handelsavtalar er dekka gjennom EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet. Noreg sette i verk EØS-avtalen i 1995, og artikkel 19 i EØS-avtalen omhandlar handelen mellom EU og Noreg med basis landbruksvarer som ost, kjøtt, frukt og grønt. Intensjonen med avtalen er at han skal vere gjensidig fordelaktig for avtalepartane. I praksis er handelen mellom EU og Noreg på landbruksvarar svært ubalansert. Importen frå EU er 6 gong så stor som norsk eksport til EU. Det pågår no forhandlingar mellom Noreg og EU om ein ny avtale.

Noreg utgjer EFTA i lag med Sveits, Liechtenstein og Island. EFTA har i dag  handelsavtalar med 38 land i tillegg til EU, og forhandlar stadig nye avtalar.

Også handelsavtalar som Noreg sjølv ikkje er ein avtalepart i, påverkar norsk landbruk. EU og USA forhandlar om verdas største frihandelsavtale, TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership). Rapportar utarbeidd av NIBIO og NUPI viser at matproduksjonen i Noreg kan bli redusert med om lag ein tredjedel ved inngåing av ein TTIP-avtale.

Norges Bondelag meiner:

  • Kvart enkelt land må ha rett til å føre ein landbrukspolitikk som sikrar produksjon og forsyning av mat til eiga befolkning, og viktige verdiar som busetjing, kulturlandskap og kulturarv
  • Norske jordbruksvarer må sikrast eit effektivt importvern slik at vi kan oppretthalde produksjonen på dagens nivå
  • Dei jordbruksvarene vi ikkje produserer sjølve må i større grad bli importerte frå u-land
  • Noreg må søke alliansar med nettoimportørar i nord og sør for å sikre retten til eigen matproduksjon
  • Internasjonale avtalar må utformast slik at dyrehelse, folkehelse og omsynet til miljøet går føre kortsiktige økonomiske omsyn.