Søk

Du er her:

  • Forsiden
  • Vi treng bønder som ser moglegheiter

Vi treng bønder som ser moglegheiter

Publisert 08.02.2011

- Ein landbrukspolitikk som utnyttar alt areal i Noreg og bønder som ser moglegheiter er framtida, meiner Bondelagsleiar Nils T. Bjørke.

Bondelagsleiar Nils T. Bjørke, arkivfoto: Per Ole Ranberg.Bondelagsleiaren var innleiar på Fjellmatkonferansen på Geilo som var innleia mondag - ein konferase som spør om norsk fjellmat kan få same klaing i fjellandet Noreg som sjømat har i kystnasjonen Norge. Det er faglaga i Buskerud som saman med Buskerud fylkeskommune, regionrådet for Hallingdal, fylkesmannen i Buskerud, Innovasjon Norge og Norsk Landbruksrådgiving Østafjells som står bak konferansen.

- Ein treng ikkje laga alt i kjellaren for at det skal vere lokal mat, sa Bjørke som streka under at utveklinga av lokale spesialitetar er avhenig av:

  • Ein landbrukspolitikk som utnyttar alt areal i Noreg,
  • bønder som ser moglegheiter og utnyttar lokale fortrinn,
  • samhandling med samvirkeorganisasjonane og reiselivet,
  • samhandling med lokale politikarar,
  • mat som oppleving¨.

- Vi må ha ein politikk, eit hovudbudskap for å vidareutvekle eit aktivt jordbruk over heile landet. Da kan vi og utvekle særpreget, men vi er samstundes nøgde til å utvekle økonomien i næringsmiddelindustrien vår, sa Bjørke.

-Vi kan utvekle særpreget vårt gjennom å vidareutvekle det landbrket vi har, og sjå moglegheitene i bonden som entreprenør, som ein som er van med å ta initiativ. Det er ikkje alltid du ser fordelane, dei konkurransemessige fortrinna, men det må handleom å hente ut ein meirverdi. Det blir ikkje mykje i lommeboka av ein flott utsikt, streka Bondelagsleiaren på.

-Verdiskapingspotensialet ligg i ein nasjonal landbrukspolitikk som gir ein pris i botn for produkta våre. Så handlar det om kvalitet, difrensiering og merkevarebygging. Vi må knytte lokal mat til reiselivet i dei einskilde regionane. Hotella i distriktene overlev ikkje på pris, men på opplevingar, aktive bygder og eit vakkert kulturlandskap. Markedet for lokal mat er lokalt, og markedet for lokal mat finn du i dei store byane som Oslo. Då er stikkorda opplevingar, og folk er viljuge til å betala for opplevingar, meinte Bondelagsleiar Nils T. Bjørke.

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning