Stokkenes la vidare vekt på trongen for økonomiske løyvingar som kan vere med å legge til rette for næringsutvikling i og ved det nye verneområdet. Først då kan vi snakke om ein vinn vinn situasjon der storsamfunnet får verna ein viktig del av naturarven, samstundes som vernet kan vere ein medverkande faktor for å sikre næringsutøving og busetjing i bygdene som grensar opp til det store verna området, streka han under
- Det har vore ei oppleving å få vere med på opningsmarkeringa av Breheimen Nasjonalpark , men som mange av aktørane peika på er det no arbeidet tek til, oppsummerer nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Jon O. Nummedal. Skal verneverdiane haldast ved like for framtidige generasjonar må det vere eit næringsgrunnlag som sikrar bustjing og utvikling i bygdene kring verneområdet. I dette biletet er utviklinga av det tradisjonelle landbruket og reiselivet svært viktig, meiner Nummedal. Det må vere ein økonomi i husdyrhaldet og ein rovviltpolitikk som gjer at det framleis er mogleg å livnære seg som husdyrhaldar i bygdene kring verneområdet, avsluttar Nummedal.
Du kan lese meir om opninga på heimesidene til Sogn og Fjordane Bondelag
