- Vi opplever at vi har hatt eit godt smarbeid med utbyggjarane og ein god prosess, uttrykte representantar for grunneigarane i Kvalheim til Bondelaget i samband med vindkraftopninga
Vindkraft og miljø
Prosjektleiaren i Bondelaget fekk høve til å delta under vindkraftmarkeringa i samband med småkraftoppdrag i regionen. - Her er både utbyggjaren Kvalheim Kraft, grunneigarane, kommunen og i hovudsak også miljøorganisasjonane vel nøgde med resultatet og den verdiskapinga og den nye, reine krafta som vindkraftsatsinga har skapt. - Men slik er det slett ikkje alltid, uttrykker prosjektleiar Terje Engvik. Fleire potensielle vindkraftanlegg er miljømessig kontroversielle, og det vil ofte vere ulike syn blant grunneigarane. Då er det viktig med gode prosessar fram til løysingar der ein får produsert rein, fornybar energi i dei prosjekta der verdiskapinga er størst og miljøverknadene akseptable.
Vindkraft i Bondelaget
Fleire medlemmer og tillitsvalde i Bondelaget har etterlyst sterkare engasjement på vindkraft i organisasjonen.
Problemstillingane knytte til grunneigarorganisering og leigeavtalar er i stor grad like for vindkraft og vasskraft. Og begge desse utmarksbaserte fornybar-satsingane er avhengige av ei oppgradering av linjenettet for å få transportert krafta ut til forbrukarane. - Det er viktig at leigeavtalane mellom grunneigarane og utbyggarane får ei slik utforming at grunneigarane vert sikra ein rimeleg del av verdiskapinga, seier Engvik. - Avtalen må også ta høgde for å dekke grunneigarinteressene gjennom heile leigeperioden. Sterkare engasjement i vindkraftrelaterte spørsmål er no til vurdering i organisasjonen.
Mehuken Vindpark
Den fyrste parken på 5 møller opna på Mehuken i 1991. Dei 8 møllene som nettopp er opna i byggjesteg II, er konstruerte for å produsere 53 GWh i eit normalår. Dette svarer til straumforbruket til om lag 2.700 husstandar, altså om lag nok til heile forbruket i Vågsøy. - Slike satsingar ynskjer vi gjerne meir av i kommunen, uttalte ordførar Roger B. Silden under opninga. - Utbygginga har ført med seg mykje positivt, og vi har ikkje registrert motstand mot satsinga, slo ordføraren fast.
Kontaktperson i Norges Bondelag: Terje Engvik
