Søk

Du er her:

  • Tek statsministeren på ordet

Verktøylinje

Tek statsministeren på ordet

-Ja vel, minister, seier årsmøtet i i Norges Bondelag i ein resolusjon og har merka seg at statsministeren sjølv sa at "bonden fortenar ei god inntekt". Årsmøtet krev at Regjeringa følger opp sine eigne ambisjonar i regjeringserklæringa i langt større grad i komande jordbruksforhandlingar.

Javel minister, sa første nestleder Berit Hundåla og styremedlem Jens Edvar Kase i resolusjonskomiteen, foto: Randi Undseth.Statsminister og landbruksminister inviterte til vidare dialog om Regjeringas innsats for landbruket då dei talte til Norges Bondelags årsmøte på Lillehammer. Årsmøtet slår fast at Norges Bondelag tar i mot denne invitasjonen og peikar mellom anna på at:

 

 

 

 

 

  • årsmøtet ikkje aksepterer omfordeling mellom bønder som strategi for å auke inntektene til prioriterte grupper eller produksjonar,
  • bønder må ha tilgang til like gode sosiale ordningar som andre,
  • regjeringa må innføre ei investeringspakke og fondsordning i statsbudsjettet til hausten,
  • meir samarbeid mellom landbruket, industrien og regjeringa er nøkkelen til å utløyse potensialet for fornybar energi,
  • det trengs nye og meir effektive verkemidlar for å ta vare på jordbruksareala,
  • Regjeringa må sjå til at forvaltninga fylgjer opp tiltaka i regjeringserklæringa for å redusere konflikten mellom rovvilt og husdyr.
  •  Tilleggsnæringar kan vere ei ekstra inntekt for dei som ynskjer eit ekstra bein å stå på, ikkje ei erstatning for den låge inntekta i tradisjonelt landbruk.

  • Her leser du resolusjonen "Ja vel, minister!"

 

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning