- Vi har fått gode tilbakemedlingar på dette tilbodet om småkraftinformasjon på kveldsmøte i tre Vestlandsfylke, seier prosjektleiar Terje Engvik i Bondelaget sitt vasskraft- og vindkraftprosjekt. - I møteserien har vi gått gjennom viktige tema for fallrettseigarar som har planar om å nytte fallrettane sine til å realisere småkraftverk i eigen regi.
Møta starta opp i Møre og Romsdal i førre veke med arrangement i på Sunndalsøra, Stranda og Eidså i Vanylven. Vanylven hadde rekorddeltaking med over 60 frammøtte. Her var kveldsmøtet samkøyrd med eit småkraftmøte i eit lokalt prosjekt på landbruksbasert forretningsutvikling. Sist veke har det vore møte på Sand i Suldal, Lofthus i Ullensvang og på Voss.
- På møta har vi systematisk teke føre oss hovudpunkt i dei viktigaste tema som grunneigarane må setje seg inn i for å realisere ei kraftsverkutbygging, fortel Terje Engvik. - Eg starta opp med gjenomgang av reglar for fallrettsfordeling, ulike modellar for utbygging og samarbeidsprosessar og avtaleverk mellom grunneigarar. Småkraftkonsulent Henning Tjørhom frå det frittståande konsulentfirmaet Småkraftkonsult A/S gjekk gjennom prosessen knytt til forprosjekt for kraftverket og konsesjonssøknad. Dagleg leiar i Småkraftforeninga Henrik Glette avslutta med fokus på rammevilkår og næringspolitiske tema: Konsesjonskø, nettilgong, kraftverksskattlegging og ikkje minst den nye elsertifikatordninga som er venta innført i 2012.
På de tre siste møta i Rogaland og Hordaland var det dessutan eit viktig tilleggstema: Sal av kraft, elsertifikat og opprinnelsesgarantiar. Turid Sevaldsen frå NEAS, som Småkraftforeninga har samarbeidsavtale med, gjekk gjennom kraftsalsmakrnaden og tilboda frå NEAS til medlemmene i Småkraftforeninga.
Her er foredraga på småkraftmøta:
- Terje Engvik: Fallrettar, grunneigarsamarbeid og utbyggingsmodellar
- Hening Tjørhom: Planlegging av småkraftverk
- Henrik Glette: Rammevilkår for småkraft
- Turid Sevaldsen: NEAS - kraftsal og elsertifikat
- Bondelaget ssine temasider om småkraft som næringsveg
- Kontaktpersonar i Norges Bondelag: Terje Engvik
