Søk

Du er her:

  • Forsiden
  • Sommarskulestudentar på småkraftsynfaring i Jostedalen

Sommarskulestudentar på småkraftsynfaring i Jostedalen

Publisert 12.07.2011

- Nett kva vi hadde ynskt å få sjå, var tilbakemeldinga frå dei kring 40 internasjonale sommarskulestudentane etter synfaring på kraftverket Geisdøla Kraft eigd av Jostedals-bøndene Nils L. Yttri og Alfred Tuften. Studentane frå 15 ulike nasjonar arbeider med temaet samanliknande politikk for bygdesamfunn.

Sommarskulestudentar ved Geisdøla i JostedalenStudietilbodet til sommarstudentane på mastergrads- og doktorgradsnivå går over 14 dagar. Universitetet for Miljø og Biovitenskap UMB og Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forsking NILF er engasjerte i den internasjonale organisasjonen ICRPS som står bak studietilbodet. Den fyrste veka var tilholdsplassen UMB på Ås. Andre veka held studentane til på Folkehøgskulen i Sogndal. Og synfaringsdagen var dei særs heldige med. I strålande sommarver tilbrakte studentane føremiddagen i Urnes-området i Luster. Deretter var det fornybar energi som stod på dagsordenen i Jostedalen.

- Det er alltid kjekt å få besøk, uttrykte bonde Nils L. Yttri då studentane møtte fram på kraftverket hans midt i ei travel slåttetid -  med tidspress før neste runde med regn. Etter orienteringane om kraftverkssatsinga til dei to bøndene i Geisdøla hagla det med spørsmål frå ei engeasjert og interessert ekskusjonsgruppe - både om småkraft, klimautfordringane og om landbrukstema generelt.

Sal av fallrettar
- Størstedelen av fallrettane i dalen vart selde på 1960-talet, og vatnet er i stor grad nytta til store kraftutbyggingar. Såleis er det ikkje grunnlag for så mange småkraftverk i Jostedalen. - Men fallrettane nedanfor fossen i Geisdøla ligg til bruka våre, fortalde Nils Kraftverkseigar Nils L. Yttri i samtale med ekskursjonsdeltakararL. Yttri. Då det vart satsing på småkraftutvikling i Luster tidleg på 2000-talet, valde vi to grunneigarane å byggje ut, heldt han fram. Prosessen med planlegging og konsesjonshandsaming gjekk raskare den gongen enn i dag, og i 2005 var Geisdøla Kraft på nett med produksjonen.

Geisdøla Kraft
Kraftverkseigarane fekk sjølvsagt spørsmål om lønsemda ved anlegget og storleiken på kraftverksinntektene. - Det er litt tidleg å svare på etter drift i nokre få år, sa Nils L. Yttri. Produksjonen kan variere mykje frå år til år. Men på litt sikt reknar vi med at kraftverket skal bli ei grei kjelde til tilleggsinntekter. - Elva vår er litt spesiell ved at Statkraft nyttar mykje av nedbørfeltet til storskala kraftproduksjon. Kraftverket er basert på restvatnet, og dermed vert produksjonen noko lågare enn han elles ville ha vore. Vi nyttar eit fall på 80 meter nedanfor fossen og har installert to turbinar, ein Francis-turbin på 1,2 MW og ein liten Pelton på 90 KW. - Den vesle går størstedelen av året og syter for kraftforsyning til garden også, fortalde Yttri. - Finansieringa i lokal bank gjekk greitt, heldt han fram. Men anlegget vårt var ikkje av dei billegaste å byggje, og dermed måtte vi skyte inn noko eigenkapital, fortalde han.

Avsluttande konferanse
Etter ekskursjonsdagen skal det arbeidast vidare med fagtema og inntrykka frå synfaringane. Førebels resultat frå arbeidet til studentane vert presenterte på ein konferanse i Sogndal ved slutten av Vestlands-opphaldet, der også lokale vertar og lokale styresmakter er inviterte for å bli orientert og gi tilbakemeldingar. Konferansetema er mellom anna bygdeturisme, fornybar energi og lokal utvikling, klimautslippsreduksjoner, utviklingsretningar for matproduksjonen og IT-utviklinga og distriktsbusetjinga.

Tid for kald avriving etter synfaringa

Av: Terje Engvik

CorePublish publiseringsløsning