Søk

Du er her:

  • Forsiden
  • JUS: Gammal avtale og tinglyst rett

JUS: Gammal avtale og tinglyst rett

Publisert 27.12.2011

Retten som er hevda får vern som om den vart tinglyst på den dagen hevdstida vart fullført.

Det svarar advokat Sissel Fykse i Norges Bondelag til eit medlem som hatt rett til naust på naboeigedomen - ein eigedom som no er selt. Den nye eigaren meiner retten til naust fell bort sidan den ikkje er tinglyst.

Så lenge kjøparen av granneeigedomen kjende til naustretten, vil han ikkje kunna gjera gjeldande at retten er falle bort. Det same vil til dømes gjelda dersom ein kjøpar ser det går ein veg over eigedomen til annan eigedom. Her vil kjøparen ha ei oppmoding om å undersøkja nærare kven som har rett til å nytta vegen og han vil neppe verta høyrt med at han ikkje visste om vegrettar som kviler på eigedomen, skriv advokat Sissel Fyskse i artikkelen "Rettsvern tinglysning og god tru".

Artikkelen er en del i serien "Jus i landbruket" som tidligere har stått på trykk i Bondebladet.

Kontaktperson i Norges Bondelag: Sissel Fykse

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning