Søk

Du er her:

  • Forsiden
  • HMS: Rødgrønn allianse mot sosial dumping

HMS: Rødgrønn allianse mot sosial dumping

Publisert 12.02.2010

Fellesforbundet, Bondelaget i Møre og Romsdal og Landbruk Nordvest vil samarbeide for å førebyggje og motverke sosial dumping i landbruket.

Frå v. Rose Maiken Flatmo og Cecilie Søllesvik frå Fellesforbundet, Turid Leirvoll Øverås frå Landbruk Nordvest, Arne Magnus Aasen og Gunnar Wentzel frå Bondelaget går saman for å hindre sosial dumping og auke fagorganiseringa innan grøn sektor. Organisasjonane i Møre og Romsdal strekar under at allmenngjering blir spesielt viktig for utanlandske sesongarbeidarar. Allmenngjering inneber mellom anna at utenlandske sesongarbeidarer skal ha timeløn - og at eventuell akkord skal kome i tillegg til minsteløna.

Fellesforbundet og Bondelaget er vidare einige om at det er viktig å få opp organisasjonsgraden i landbruket. I Møre og Romsdal er berre i overkant av 50% av gardbrukarane organisert i Bondelaget.

- Også med tanke på arbeidet retta mot utanlandske sesongarbeidarar er det viktig at vi har ein godt organisert bransje. Dersom organisasjonsgraden ikkje aukar dramatisk vil grøn sektor bli eit tariffritt område, dvs at det er fritt fram å betale dei lønene ein sjølv måtte ønskje. Då blir det den som er villig til å sel arbeidskrafta si billigast som får jobben. Norske arbeidarar vil bli utkonkurrert og landbruket vil miste tillit og politisk støtte dersom sosial dumping får breie om seg, heiter det etter møtet mellom dei tre organisasjonane.

Du kan lese heile saka på heimesidene til Møre og Romsdal Bondelag

CorePublish publiseringsløsning