Søk

Du er her:

  • Forsiden
  • HANEN fra bransje- og marked til interesseorganisasjon

HANEN fra bransje- og marked til interesseorganisasjon

Publisert 19.04.2011

HANEN vil bli ein interesseorganisasjon. - Vi skal spisse arbeidet meir mot saker våre medlemmer er opptekne av, sseier leiar Jan Tjosås.

Styreleiar Jan Tjosås, Øystese og nestleiar Liv Aastad, Buvika, foto: Ole Jonny Trangsrud.Organisasjonen HANEN skal vere endå tydelegare og meir synleg i saker som vedkjem bygdeturisme, gardsmat, innlandsfiske og andre opplevingar på bygdene. Det blei vedtatt på landsmøtet til HANEN som blei arrangert på medlemsbedrifta Lien Fjellgard i Svartdal i Telemark.  Landsmøtet endra strategien og HANEN går frå å vere bransje- og markedsorganisasjon til å bli interesseorganisasjon. - Det betyr mellom anna at vi skal spisse vårt arbeid endå meir mot saker våre medlemmer er opptekne av og utnytte det gode samarbeidet vi i dag har med Bondelaget, Bondens Marked, DNT, ulike reiselivslag og andre organisasjonar i næringa, seier styreleiar for HANEN, Jan Tjosås frå Kvam i Hordaland.

HANEN er den einaste landsdekkande interesseorganisasjonen for verksemder som tilbyr opplevingar på bygdene og er difor eit viktig talerør overfor styresmakter og premissleverandørar nasjonalt og lokalt. - Mellom anna er det viktig å gi innspel til den nye reiselivsmeldinga og landsbruksmeldinga, seier styreleiar Jan Tjosås.

- Dei siste åra har grønt reiseliv, lokal mat og opplevingar på bygdene fått eit stort oppsving. Dette er ei viktig satsing for politiske styresmakter som skal fremje vekst både på bygdene og i næringslivet, strekar Tjosås under.

HANEN har i underkant av 500 medlemmer og er ei samanslåing av organisasjonane Norsk Gardsmat, Norsk Bygdeturisme og Norsk Innlandsfiskelag. HANENs verdiar er at medlemmene skal formidle kultur, vise omtanke og stå for opplevingar.

Hjemmesiden til HANEN

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning