Søk

Du er her:

  • Forsiden
  • Driftsgranskingane viktig premissleverandør

Driftsgranskingane viktig premissleverandør

Publisert 14.12.2011

Integritet som sekretariat, på forskning og utredning - men av og til langt frå eit tradisjonelt landbrukspolitisk ståsted.

Bondelagsleiar Nils T. Bjørke, arkivfoto: Guro Bjørnstad.Då Bondelagsleiar Nils T. Bjørke tirsdag deltok i markeringa av Driftsgranskinganes første 100 år, streka han under at Bondelaget er storforbrukar av det materialet som Norsk insitutt for landbruksøkonomisk forskning (NIILF) gjev ut.

Grundige og gode analyser

- Det er  gjennom driftsgranskingane og budsjettnemndmaterialet at NILF har sin største styrke - med grundige og gode analyser og ryddige oppstillingar, som NILF trykt kan setja sitt kvalitetsstempel på. Eg er viss på NILFs integritet både som sekretariat og på forskings- og utredningssida, men av og til er nok opplevinga i Landbrukets hus at NILF stiller vel langt frå det tradisjonelle landbrukspolitiske ståstad.

Det er ikkje marknadsordninga det er noko feil med

Og samstundes, arbeidet med rapporten til Virke, ikkje minst slik den vart presentert i media , har fått mange i næringa til  å heve øyebryna. Me vart også overraska når NILF på bakgrunn av smørkrisa valgte å utfordre markedsordningane. I mine krinsar er oppfatninga at det er Tine som har gjort en dårleg jobb i denne saka. Det er ikkje markedsordninga som det er noko feil med. Når eg reflekterar over desse uttalene frå NILF, tek eg og sjølvkritikk på at dialogen mellom NILF og Bondelaget er for sporadisk. Eg trur det kunne ha auka fortåinga begge veger, sa Bjørke.

Beskriv inntektssituasjonen

- Driftsgranskingane er det beste materialet me har som beskriv inntektssituasjonen for den einskilde bonde, streka Bjørke under. - Utan driftsgranskingar, vil me væra dårlegare i stand til å informere om dei økonomiske realitetane i jord- og skogbruket. Men sjølv om dette er eit godt materiale  er det alltid rom for forbetringar, me må heile tida utvikla det i takt med tida slik at bøndene kjenner seg best mogeleg att i materialet.

- NILF får tilstrekkelig med budsjettrammer til å kunne utføra oppgåvene med driftsgranskinger og budsjettnemnda. Eg ynskjer framleis god representativitet i driftsgranskingane, men eg ynskjer og noko større variasjon i bruksstorleik. Eg ynskjer meg også betre tal for økonomien i produksjonen av bær og grønsaker, sa Bondelagsleiar Nils T. Bjørke.

 Bondelagets temasider jordbruksavtalen

Kontaktperson i Norges Bondelag: Nils T. Bjørke

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning