Søk

Du er her:

  • Forsiden
  • Bondelagsheis norsk attraksjon

Bondelagsheis norsk attraksjon

Publisert 06.01.2012

I åtte program skal Linda Eide guide NRK-sjåarane til ukjente, norske attraksjonar. Først ut: Heisen til Bondelaget!

Arkivbilde frå Landbrukets Hus: Randi Undseth.Norsk attraksjon trakkar utanfor den vanlege turistløypa og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte program guidar Linda Eide oss til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske.

Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi. Bli med på ei reise inn i eit Noreg som ingen har bede deg om å hugse, men som du aldri kjem til å gløyma. Det blir kuldesjokk i Karasjok, Leif Ove Andsnes på ustemt flygel, ei heftigare brudeferd enn den i Hardanger, nærkontakt med ville dyr og mykje meir i denne tredje sesongen av suksesserien "Norsk attraksjon".

Episode 1
Linda Eide rullar i gong fyrste program med eit smell. Ho har rulla på Voss, ho har rulla på operataket og no skal heile landet rulle. Norgesrullen tek fart og får ein pangstart med sju meter fritt fall.
Dramatikk blir det også når "Norsk attraksjon" går til scenen med eit salongdrama i særklasse, om gudfryktige Anders Nord som trassa si hysteriske kone og ein heil bybrann. Så sterk i trua var han at huset stod att sjølv om heile Ålesund brann.

I Oslo er det ein sær heis som får attraksjonsguiden på besøk. For i Noregs einaste gjenlevande paternosterheis blir jamvel heismusikk betre enn sitt rykte. Heisen som går og går utan stopp og start, har ikkje sin make i landet. Det har heller ikkje Karasjok. Finn fram polvottane og bli med til den kaldaste staden i landet. Kor mykje kulde kan ein bleik vestlandskropp tåle, og hjelp det med ull på hovudet når ho knapt har ein tråd på resten av kroppen?

Les også: Norsk attraksjon - i Landbrukets Hus

NRK1, lørdag 7. januar  kl. 2155

 

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning