Søk

Du er her:

  • Areal: Auke av beitebruken for å ta vare på kulturlandskapet

Verktøylinje

Areal: Auke av beitebruken for å ta vare på kulturlandskapet

- Det viktigste prosjektresultatet at ein i dei fleste pilotane har lykkast med å prioritere, organisere og planleggje beitebruk over større samanhengende areal, på tvers av eigendomsgrenser, meiner styringsgruppa for prosjektet "Beite som ressurs for landbruket og bygda" i Aust Agder, Vest Agder og Telemark.

Styringsgruppe og prosjektleiing for beiteprosjektet: Frå v.: Thor Jørgen Tjørhom, ordførar i Sirdal, Svein Haughom, Vest-Agder Sau og geit - representant for pilotprosjekta, Ole Steffen Gusdal, Fylkesmannen i Vest-Agder, Ingvar Sundvor, Telemark Bonde- og småbrukarlag, Åse Ingebjørg Homme, Aust-Agder Bondelag - leiar av styringsgruppa, Tone Edland, prosjektmedarbeidar og Hans Jørgen Aase, prosjektleiarDa prosjektet starta opp ved årsskiftet 2007/2008 var målet for arbeidet definert som: Å sikre og auke beitebruken for å ta vare på kulturlandskapet i fylka Telemark, Vest- og Aust–Agder, samt identifisere tiltak og ordningar som kan styrkje driftsøkonomien i husdyrproduksjonar gjennom aktiv beitebruk.

Det konkrete arbeidet med å gjennomføre tiltak har skjedd i ti utvalde prosjektområde i ulike kommunar i dei tre fylka. Nå ved avslutninga av prosjektet, ser styringsgruppa som det viktigste prosjektresultatet at ein i dei fleste pilotane har lykkast med å prioritere, organisere og planleggje beitebruk over større samanhengende areal, på tvers av eigendomsgrenser.

Metoden som er brukt  i prosjektet  for å organisere og få opp beitebruken, verkar til å vere eit godt verktøy for å redusere gjengroing og kunne utnytte alt jordbruksareal i prioriterte område. Den same metoden har truleg stor overføringsverdi til andre område,òg.

Styringsgruppa legg opp til å presentere dei konkrete resultata på ein konferanse først i april, mynta på bønder, rådgivingstenesta i landbruket, landbruksforvaltninga i kommunane og andre interesserte.

Kilde: Telemark Bondelag

Av: Amund Johnsrud

CorePublish publiseringsløsning