* Arbeidsplassar: Nærare 3.900 direkte i landbruket i M&R.
* Årleg verdiskaping for landbruket i M&R : 1,9 milliardar kroner.I tillegg vert det tilført jordbruksavtalemidlar på rundt 700 mill. kroner. Samla verdiskaping berre på mat er berekna til 3,9 milliardar kroner.
* Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke med 10 % av landets ku-, storfe-, geit- og sauehald.
* Fylket er godt dekka med dei viktigaste matvarer, og er det største matproduksjonsfylket frå land og hav.
* Gardsbruk i drift: 2.920 som er 6,5 prosent av landet.
* Samla jordbruksareal: 560.000 dekar ( 5,5 % av landet).
* Talet på bruk har gått ned med over 3.000 frå 1990 til 2011.
Gjennomsnittsgarden i Møre og Romsdal er på 191 dekar. I dei to største jordbrukskommunane, har Fræna eit gjennomsnitt på 273 dekar pr. bruk og Ørsta 175 dekar pr. bruk
M&R har vel10 % av mjølkeproduksjonen i landet.
Buskapsstorleik mjølkekyr: 22,3 årskyri snitt (2011). Har auka frå 11,7 årskyr i 1991. I 2007 hadde 51 prosent av kumjølkbruka i fylket mindre enn 100.000 liter i kvote.
Tal kumjølkprodusentar: 999 og 22.250 mjølkekyr(2011). I 1996 var det 2.637 mjølkebruk og 32.200 mjølkekyr. Over 60 % av mjølkebruka har altså lagt ned produksjonen dei siste 15 åra.
Geitehald:Det vert produsert 2,6 millionar liter geitmjølk på 42 gardsbruk. M&R har vel 12 % av produksjonen og geitene i landet. Stranda er største geitekommunen i Sør-Norge.Samdrifter i mjølkeproduksjonen: 148 med tilsaman 405 medlemsbruk (mars 2011). Vel 30% av mjølka vert produsert i ei samdrift. M&R er fjerde største fylket for tal samdrifter.
Fellesbeiter/seterdrifter: Vel 200.
Tal ammekyr: 3.700(5,2 % av landet).
Kjøtproduksjonen av storfekjøtproduksjonen utgjer vel 10% av landsproduksjonen.
Svinehald: 1200 avlspurker (2,2 % av landet) på 43 bruk.
Hønsehald: 115000 høner (3,0% av landet) på 109 bruk.
Sauehald: 6 % av sauene og 7,2 % av sauebruka i landet. Talet på sauebruk har gått ned frå 2.271 i 1991 til 1.026 i 2011.
Jordbruksareal i drift:558.948 dekar (5,6% av landet). Heile 95 % av fylkets vert brukt til grovfôrproduksjon.
Vel 20 % av fylket sitt totalareal er jordbruksareal og produktivt skogbruksareal.
Kornproduksjon: 17.750 dekar, av dette 5.500 dekar i Surnadal og 5.100 i Fræna.
Jordbærarealetligg på 1.161 dekar. Norddal kommune står for 53 % av arealet, og utgjer 50 % av landets industrijordbær. Norddal har verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking, og er dominerande på fruktdyrking i fylket.
Potet:Sunndal har 75 % avarealet på 1.975 dekar.
Gulrot og matkålrot blir produsert påSmøla på oppdyrka mosemyr. Smøla har 90 % av arealet av grønnsaker i fylket.
Skogbruksnæringai fylket består av mange mindre eigedomar. Hogsten er mindre enn tilveksten. Årleg avverking av tømmer dei siste åra har vore i underkant av 100.000 kubikk, medan uttaket kunne ha vore rundt 300.000 kubikk.
Over halvparten av kommunane har eige landbrukskontor.
Gardsmat:Rundt 50 gardsbruk foredlar sjølv eigenprodusert mat. Produkta blir seld på Bondens Marknad, messer, og i eige gardsutsal. Gardsmeieri er m.a. Tingvollost og Derrinngarden på Eide.
Landbruket er ei viktig næring for busetting og sysselsettingi mange kommunar. 27 % av sysselsettinga i Nesset er direkte i landbruket, 20 % i Rindal, 16 % i Norddal, 16 % i Gjemnes, 15 % i Halsa, og 11 % i Vanylven og i Aure.
Gjermundnes VGS Landbruksskulei Vestnes, eigd av M&R fylke, har i over 100 år vore eit senter for landbruksutdanninga.
Økologisk produksjonhar mindre omfang i fylket. I 2010 vart 4,3 % (24 011 dekar) av jordbruksarealet i fylket drive økologisk av 166 produsentar. (5,9 % av landets økologisk drivne gardsbruk.) Sykkylven er ein av dei større økologiske kommunane i landet. Bioforsk Økologisk (Norsk Senter for Økologisk landbruk – NORSØK) på Tingvoll er det tyngste miljøet i landet for økologisk landbruk.
* Samvirkeorganisasjonanehar ei omsetning på rundt to milliardar kroner og vel 600 tilsette i fylket. Fleire er mellom dei største bedriftene i M&R.
* TINE Midt-Norge BAhar anlegg på Høgset (konsummjølk, fløyte), Elnesvågen (Jarlsberg, Brunost og Nøkkelost) og Tresfjord (Port Salut og einaste i landet på Ridderost).
* TINE Meieriet VestBA sitt anlegg i Ålesund er einaste i landet som produserer Iskaffe. Avdelinga tappar konsummjølk og økologisk mjølk, og produserer Piano dessertar, sausar og andre langtidshaldbare varer. Ørsta-anlegget er åleine i landet om å produsere Edamer og geitosten Snøfrisk. I tillegg produserer dei Kremost, Brunost, Norvegia, Norbo og Søst.
* Felleskjøpet Nordmøre og Romsdal har avdelingar i Molde, Elnesvågen, Åndalsnes, Sunndalsøra, Kristiansund og Halsa.
* Felleskjøpet Agri (tidl. FK Trondheim og FK Øst-Vest),har anlegg i Surnadal, Ålesund og Ørsta.
* Dei to felleskjøpa eig saman kraftfôrfabrikken Møre og Romsdal Kornsilo i Vestnes.
* Røv Mølle AShar kornmottak og kraftforblanderi i Surnadal.
Slakteri: Øre Vilt LL i Gjemnes. Sylte Gardsslakteri AS i Surnadal. Ole Ringdal AS på Hellesylt. Ytre Nordmøre Slakteri AS i Kristiansund. Kjøtforedling også ved: Kløverkjøtt AS i Vestnes. Stranda Spekemat AS. Tind Spekevarer AS.
(Møre og Romsdal Bondelag pr. november 2011




