Rindal kommune vart frå 2019 ein del av Trøndelag og er teke ut av statistikken for alle år. Nye kommunar frå 2020 er ikkje med i omtale for 2019.

Brosjyre om landbruket i Møre og Romsdal pr 20. mai 2020 - klikk her (PDF)

  • Møre og Romsdal har nær 3.000 årsverk i landbruket.
  • Ei verdiskaping på nær 2 milliardar kroner kvart år,
  • 10 prosent av landets ku-, storfe-, geit- og sauehald.
  • Er det største matproduksjonsfylket frå land og hav.
  • 2019 utbetalt 693,9 millionar kroner til bøndene i fylket i produksjons- og avløysartilskot

Antal gardsbruk i drift er 2.346, som er 6,3 prosent av landet. Talet har gått ned med 2.140 bruk siste 19 åra.

Gjennomsnittsgarden i M&R er på 219 dekar.

Dei to største jordbrukskommunane; Fræna har gjennomsnitt på 322 dekar pr. bruk og Ørsta 196 dekar pr. bruk. Fræna er største landbrukskommune mellom Stavanger og Trondheim, og den åttande største mjølkekommunen i landet.

M&R har vel 10 % av mjølkeproduksjonen i landet. Produsert mengde har gått ned frå 147,3 mill liter kumjølk i år 2000 til 135,8 mill. liter kumjølk i 2019. Buskapsstorleik mjølkekyr: 28,1 årskyr i 2019 (Var 13,9 årskyr i år 2000)

665 kumjølkprodusentar og 18.683 mjølkekyr (2019). I år 2000 var det 1.967 mjølkebruk og 27.427 mjølkekyr. Vel 37 prosent av bruka har lausdrift, som produserer 62 prosent av mjølka i fylket. Mjølkeproduksjon står for meir enn halvparten av samla verdiskaping frå landbruket.

Geitehald: Produsert 2,8 millionar liter geitmjølk på 24 bruk. M&R har vel 12 % av produksjonen og geitene i landet. Stranda er landets største kommune i liter levert geitmjølk.

82 samdrifter i mjølkeproduksjonen med til saman 254 medlemsbruk (mars 2019). Vel 28 % av mjølka vert produsert i ei samdrift. M&R er fjerde største fylket for tal samdrifter.

Tal  ammekyr: 4.482 (4,5 % av landet) på 316 bruk (2019)

Produksjon av storfekjøt utgjer vel 10% av landsproduksjonen.

Svinehald:  974 avlspurker (2,3 % av landet) på 40 bruk.

Hønsehald:  151.500 høner (3,7 % av landet) på 100 bruk.

Sauehald:  M&R har 54.300 vaksne sauer og 1.020 sauebruk. Dette er 6,1 % av sauene og 7,5 % av sauebruka i landet. Talet på sauebruk har gått ned frå 1.536 i år 2000 til 1.020 i 2019. Gjennomsnitt for sauebruka var 36 vaksne sauer i 2002 og 53 vaksne sauer i 2019

Kjøttproduksjonen har gått ned frå 11.600 tonn i 2002 til 10.600 tonn i 2019. Av dette 6.750 tonn storfe, 2.300 tonn svin, 1.200 tonn sau, 158.500 kilo fjørfe og 43.000 kilo geit/kje.

M&R har 3 pelsdyroppdrettarar med 1.500 minktisper og 500 revetisper. Størst pelsdyrmiljø er i Norangsdalen i Ørsta.

Jordbruksareal i drift: 514.517 dekar (5,3% av landet). Over 10 % av jordbruksarealet i M&R har gått ut av drift sidan år 2000.

Over 96 % av fylkets areal vert brukt til grovfôrproduksjon. Vel 20 % av fylket sitt totalareal er jordbruksareal og produktivt skogbruksareal.

Kornproduksjon: 10.400 dekar, av dette 4.300 dekar i Surnadal, 1.650 dekar i Sunndal, 1.600 dekar i Rauma og 1.100 dekar i Fræna. Kornarealet i fylket er nesten halvert på 10 år.

Bærarealet ligg på 1.350 dekar. Norddal kommune står for 67 % av arealet, og har 50 % av landets industrijordbær. Norddal har verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking, og er dominerande på fruktdyrking i fylket.

Potet: Sunndal har 1.561 dekar som er vel 80 % av fylkets potetareal, og er kjent for varemerket Sunndalspotet.

Gulrot og matkålrot blir produsert på Smøla på oppdyrka mosemyr. Smøla har 95 % av arealet av grønnsaker i fylket.

Skogbruksnæringa i fylket består av mange mindre  eigedomar. Hogsten er mindre enn tilveksten. Årleg avverking av tømmer dei siste åra har vore i underkant av 100.000 kubikk, medan uttaket kunne ha vore  rundt 300.000 kubikk.

Over halvparten av kommunane har eige landbrukskontor.

Gjennomsnittsalderen for brukarane i M&R er 54 år. 20 prosent av brukarane er over 62 år. 17 prosent er kvinner.

Gardsmat: Rundt 50 gardsbruk foredlar sjølv eigenprodusert mat. Produkta blir seld på Bondens Marknad, messer, eigne gardsutsal. Gardsmeieri er m.a. Tingvollost og Derrinngarden. Bransjeorganisasjonen ”Hanen” for leverandørar av lokal mat og bygdeturisme, har vel 50 medlemmer i Møre og Romsdal.

Om lag 30 bønder i fylket er godkjente Inn på tunet bønder eller sel velferdstenester på gardsbruk.

Landbruket er ei viktig næring for busetting og står for meir enn ein tidel av sysselsettinga i 7 av 36 kommunar. I 20 av kommunane utgjer bøndene samla sett ei stor bedrift på mellom 100 og 300 arbeidsplassar Kvart årsverk i landbruket skaper ein til to arbeidsplassar i andre verksemder som transport, foredlingsindustri, bygg, verkstad, rettleiing og handel.

Gjermundnes VGS Landbruksskule i Vestnes, eigd av M&R fylkeskommune, har i over 100 år vore eit senter for landbruksutdanninga. Skulen har årleg om lag 120 elevar. Skulen tilbyr nettbasert agronomutdanning frå og med 2017.

Økologisk produksjon har mindre omfang i fylket. I 2019 vart 3,3 % (16.986 dekar) av jordbruksarealet drive økologisk av 107 produsentar. (5,4 % av landets økologiske gardsbruk.) Sykkylven er av dei større økologiske kommunane i fylket.

NORSØK / NIBIO på Tingvoll er det tyngste miljøet i landet for økologisk landbruk.

TINE har fire anlegg i Møre og Romsdal:

  • Elnesvågen med 65 tilsette produserer flaggskipet Jarlsberg, og Norsk Alpeost, Sveitserost, Nøkkelost, Innherredsost og Fløtemysost.
  • Tresfjord med 21 tilsette produserer Port Salut og er einaste i landet på Ridderost. 
  • Ålesund med 88 tilsette er einaste i landet som produserer Iskaffe. Avdelinga tappar konsummjølk, og produserer Piano dessertar, sausar og andre langtidshaldbare varer.
  • Ørsta med 47 tilsette er åleine i landet om å produsere flaggskipa Edamer og geitosten Snøfrisk. I tillegg produserer dei ulike variantar av kremost, Norvegia, Kvitlin

Felleskjøpet Agri har avdelingar i Molde, Elnesvågen, Åndalsnes, Sunndalsøra, Kristiansund, Halsa, Surnadal, Ålesund og Volda.

Felleskjøpet eig kraftfôrfabrikken Møre og Romsdal Kornsilo i Vestnes.

Røv Mølle AS har kornmottak og kraftforblanderi i Surnadal.

I fleire kommunar er det private maskinfirma i landbruket.

Slakteri: Øre Vilt i Gjemnes. Sylte Gardsslakteri AS i Surnadal. Ole Ringdal AS på Hellesylt. Ytre Nordmøre Slakteri AS i Kristiansund. Kjøtforedling også ved:  Kløverkjøtt AS i Vestnes. Stranda Spekemat AS. Tind Spekevarer AS.

(Pr 20. mai 2020)