Bildet: Heidelva kraftverk i Volda er eit av pionéranlegga med to lokale eigarar frå 1998 med produksjon på 2,5 GWh. Frå v. framfor turbinen småkraftprosjektleiar Terje Engvik, leiar i Småkraftforeininga Trond Ryslett, stortingsrepresentant Jenny Klinge og Jørgen Holte. Foto: Gunnar K Wentzel.
- Siktemålet for Bondelaget er som for Småkraftforeininga at mest muleg av verdiskapinga frå vasskraftverka skal bli på bonden sin hand. Jørgen Holte har vore fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag og nestleiar i Norges Bondelag, forutan mangeårig stortingsrepresentant i Finanskomiteen. Han representerer nå grunneigarar som har bygd ut i Norges Bondelag sitt nye Småkraftprosjekt på Vestlandet.
Holte gikk gjennom den omfattande prosessen med å få til ei utbygging. Han har røynsle som initiativtakar og styreleiar i Folkestad kraftverk AS. Det er eit elvekraftverk til rundt 10 mill kr. Dei fleste anlegga i området har dette omfanget, men det er prosjekt i fylket opp i 50 mill kr på bøndene sine hender.
Viktige sentrale rammevilkår som Jørgen Holte meinte må finne si løysing er : Vern om fallrettane for å sikre lokal verdiskaping. Grunnrenteskatten for mellomstore kraftverk. Regjeringserklæringa om grøne sertifikat og støtte til små vasskraftverk. Kostnader og sakshandsamingstid for søknader hos NVE. Småkraftverk si tilslutning til kraftnettet.
I Ørsta – Volda er det kraftverk som har gått i mange år, anlegg under bygging, og mange konsesjonssøknader. Gruppa var imponert over kor godt anlegga var tilpassa naturen. Eitt av dei var kombinert med vassverk for bygda. Anlegga er prega av små trehus dels med torvtak, nedgrove røyrgate der det er muleg, og framleis minstevassføring i elva.

Bildet: Vågen kraft i Ørsta har venta produksjon på 20 GWh og seks lokale eigarar. Frå v. Jørgen Holte, stortingsrepresentant Jenny Klinge, småkraftprosjektleiar Terje Engvik og leiar i Småkraftforeininga Trond Ryslett. Foto: Gunnar K Wentzel.
