Biletet: Jørgen Holte (til venstre på biletet) er Møre og Romsdal Bondelag sin representant i gruppa. Her frå møtet i oktober i Førde, vidare ser vi prosjektleiar Terje Engvik, grunneigar i Førde, Audun Ramstad og leiar i styringsgruppa for prosjekt småskala kraftverk, Cesilie Aurbakken.
Fallrettseigarar som treng informasjon, og lokale bondelag som ynskjer småkrafttema på møte, kan vende seg til prosjektleiaren, held Cesilie Aurbakken fram.
I tillegg til det løpande rådgjevingsarbeidet i Vestlands-fylka ligg det med prosjektsatsinga også føre eit informasjonstilbod til fallrettseigarar i resten av landet. Gjennom samarbeidet med Småkraftforeninga sitt prosjekt kan bondelaga i andre fylke få arrangert informasjonsmøte om småkraft. Prosjektleiar Terje Engvik kan kontaktast for nærmare avtale om slike møte. Småkraftforeninga vil då vere hovudansvarleg for informasjonen på møta, med særleg vekt på mulegheitene som ligg i småkraftutbygging i eigen regi og størst muleg lokal verdiskaping.
Prosjektet er breitt engasjert i alle del-tema som gjeld småkraftnæringa. Styringsgruppa legg vekt på å få ut informasjon om næringa og viktige problemstillingar gjennom alle media og informasjonskanalar. På den årlege småkraftmessa i Ålesund 18.-19. mars vil prosjektet delta - også med faginnlegg.
Av særskilte arbeidsoppgåver framover vil innspel til arbeidet med fylkesdelplanar for vasskraft krevje innsats. Det gjeld her å få fokus på verdiskapingspotensialet og potensialet for meir rein, fornybar energi som ligg i næringa. I vinter vil det gå føre seg viktige plan-prosessar i fleire av fylka. Vidare ligg det ei utfordring i at det mange plassar manglar tilstrekkeleg nettkapasitet for å ta imot meir småkraft. Dette må det jobbast med både lokalt mot dei enkelte nettselskap og nasjonalt med omsyn til lovgjeving og rammevilkår for utbygging av linjenettet. - Det ser ut til å vere ei positiv utvikling på dette feltet no, avsluttar Cesilie Aurbakken, og viser mellom anna til framlegget om endringar i energilova, der det er gjort framlegg om å lovfeste mottaktsplikt for ny fornybar energi.
Alle som ynskjer rådgjeving frå prosjektet eller har tankar om å få halde møte med småkrafttema, kan kontakte prosjektleiar Terje Engvik, tlf. 57 83 70 86/ 975 17 111, e-post: terje.engvik@bondelaget.no
