At ein matvare er produsert i Noreg er ein garanti for forbrukaren om at maten er produsert med strenge krav til dyrehelse og dyrevelferd. God dyrehelse og dyrevelferd er avgjerande for å kunne produsere mat av høg kvalitet, og det er viktig for folkehelsa. I Noreg ligg alt til rette frå naturen si side for eit landbruk med god dyrehelse og dyrevelferd. Samanlikna med andre land har vi små gardar og jorde som er spreidd geografisk i heile landet. Det gir mindre grunnlag for smitte. 

Den norske topografien med fjordar og fjell avgrensar kor store gardar vi kan ha, fordi dyrkamarka er så oppstykka. Størrelsen på besetningane er avhengig av kor mykje jord bonden har til å produsere fôr til dyr og som beitemark.  Når vi byggjer fjøs er vi pålagt å ha god plass til dyra både ute og inne. Kua skal ut på beite minst to måneder i året, mens sauen skal være på beite i minst fire måneder.

I Noreg ligg alt til rette frå naturen si side for eit landbruk med god dyrehelse og dyrevelferd.

Norsk landbruk er blant dei som brukar minst antibiotika i landbruket i heile Europa. Den låge antibiotikabruken er resultat av eit målretta samarbeid mellom styresmakter, veterinærar og bønder gjennom fleire år. I Noreg gir vi ikkje antibiotika forebyggjande til husdyra, vi gir det berre ved sjukdom. Friske dyr treng ikkje antibiotika, og gjennom mange år har vi avla fram friske og robuste dyr som er tilpassa norsk klima og norske forhold.

Vi er opptatt av å ha eit godt samarbeid med Mattilsynet og ønskjer det auka fokuset på dyrevelferd velkommen. Jamnlege kontrollar hos alle som har dyr, anten som kjæledyr eller produksjonsdyr, er viktig. Alle dyr i norsk husdyrhald skal ha det bra, og pålegg om forbetringar må bli følgd opp.

I Noreg har vi ei komplett verdikjede med kort veg frå jord til bord som gjer det mogleg å stille krav til dyrevelferd og til å etterprøve at krava blir følgd. Sporbarheit og openheit i alle ledd i produksjonen gir grunnlag for tillit til norsk mat. Kvalitetssystemet i landbruket (KSL) skal sørge for kvalitet og tryggleik for bonde, industri og forbrukar, slik at vi kan vere sikre på at maten frå norsk landbruk er trygg mat.

Norges Bondelag meiner:

  • Vi skal oppretthalde og utvikle eit godt og strengt regelverk for dyrevelferd og dyrehald
  • Vi  skal styrke samhandlinga mellom bonde, veterinærar og styresmakter, og arbeide for koordinering av regelverk og samarbeid mellom offentlege tilsynsorgan.
  • Vi skal ha dyrevelferdspgrogram for alle produksjonar. 
  • Matproduksjon i Noreg skal framleis skje med restriktiv bruk av medisinar og at antibiotika i fôr, vekstfremjarar og hormon ikkje skal vere tillatt i norsk husdyrproduksjon. 
  • Vi må hindre smitte inn i norsk husdyrhald gjennom folk og dyr og ha strenge reglar ved besøk i husdyrrom.