Det er viktig at grunneigarar med fallrettar organiserer seg på ein tenleg måte, nyttar tid og ressursar på planleggingsprosessen og finn ei utbyggings- og driftsform som høver best mogleg i det einskilde høvet. Viss grunneigarane meiner dei har ressursar til det, vil som regel utbygging og drift i eigen regi gi det beste økonomiske resultatet. Mange selskap i kraftbransjen står klare til å leige fallrettane av grunneigarane og stå for drifta sjølv, eller dele eigarskap og risiko med grunneigarane. Bondelaget sitt råd til grunneigarane er å få planlagt kraftutnyttinga grundig og få henta inn fleire tilbod før ein tek den viktige avgjerda om korleis ressursane skal byggjast ut og drivast.
Ein stor flaskehals for utnytting av småkraftressursane mange plassar er kapasiteten på linjenettet for sal av krafta. Her er netteigarane - energiselskapa - sentrale, saman med fleire offentlege instansar. Prosjektet vil engasjere seg i denne utfordringa og ta del i arbeidet for nødvendig opprusting av linjenettet.
Småkraftnæringa representerer eit stort verdipotensiale for bygdene. Utbyggingspotensialet er rekna til å vere kring 15 twh, dvs ca. 12 prosent av samla kraftforbruk i landet i dag. Årleg salsverdi av mogleg småskala kraftproduksjon er fleire milliardar kroner. Norges Bondelag vil no aktivt ta del i arbeidet for å få utvikla dette verdiskapingspotensialet best mogleg.