Søk

Verktøylinje

Kontakt Rogaland Bondelag på tlf. 51887270 / rogaland@bondelaget.no

Bjerkreim Bondelag

  • Velkommen til Bjerkreim Bondelag si heimeside.

    [29.02.2012] Bjerkreim ligg i Sør Rogaland og er ein del av Dalane-regionen. Bjerkreim er sauekommune nr 1 i landet. Kombinasjonen ml sau og mjølkeproduksjon er vanleg her. Bjerkreim Bondelag har over 360 medlemmer, over 100 av dei er damer. Me ynskjer å vera eit lag med framtidstru og vilje til å stå på for det me tykjer er viktig. Kontaktinformasjon til styret og andre som har spesielle arbeidsoppgåver for laget i 2011/2012 kan du finna her.

  • Protestmarsj i Bjerkreim

    [15.05.2012] Mange Bjerkreimsbønder var med på protestmarsjen på E-39 i dag. Ei lang rekke med kjeledressar og plakater tok beina fatt for å koma frå Bjerkreim til Vikeså. Aksjonistane var lovlydige og gikk på rette sida av vegen. Mange av bilane som passerte tuta og vinka og hadde tommelen opp. Markeringa i Bjerkreim var bl.a for å visa frustrasjonen over politikarar som ikkje tek bøndene på alvor. Turen endte hjå ordførar Marthon Skårland (H) som har kontor i same bygg som NAV-avdelinga til Bjerkreim.. Han forstår godt frustrasjonen. E-39 går rett gjennom matfatet i Bjerkreim. Målet var å gje dei vegfarande noko å tenkja på. Samtidig vart der vist at det som skjer i forbindelse med jordbruksforhandlingane gjeld kvar og ein av oss.

  • Nå er det nok smular!

    [12.05.2012] Der er i dag, 12.mai, brot i jordbruksforhandlingane. Staten sitt tilbod oppfattast av fleire som ei hån. Laurdagskveld vart der sett opp ein hengar i Vikesåbakkane med ein symbolsk beskjed til dei vegafarande om kva me meiner om det som skjer.

  • Påskeaksjon

    [12.05.2012] Uten høner ingen egg- uten bønder ingen mat, var bodskapen på Bondelaget sin Påskeaksjon. 30.mars aksjonerte Bjerkreim Bondelag i inngangspartiet til COOP Vikeså. 200 eggekartongar var laga til. Der var plass til 6 egg, men der var 2 tome rom. Der låg der ein lapp som fortalte at bøndene er klar til å fylla opp dei to siste roma òg, om regjeringa følgjer opp landbruksmeldinga si. Kundane som var på påskehandel denne ettermiddagen fekk med seg kvar sin kartong i lag med ei info.avis. Lukta av nysteikte lappar frista fleire til å stoppa opp litt for ein drøs med ein varm og god lappe i handa. Det einaste som ikkje gjekk etter planen var at eggekartongane vart utdelte på rekordtid. 2 1/2 time før me hadde tenkt var der tomt og me hadde ynskja god påske for siste gong den ettermiddagen

  • Damenes aften

    [12.05.2012] Kvardagstrivsel er eit beskrivande ord på det damene fekk høyra om torsdag 29.mars på Kløgetvedt-tunet. 25 stk møttes for å høyra Palma Ommundsen dela tankane sine rundt det å leva i eit parforhold på gard. Ho var innom mange tema. Alt frå kor viktig det er for bonden å ha eit sosialt liv, kor viktig at ein prøver å vera interessert i det den andre held på med, til kor viktig det er å ta tid til alle deler av det eit parforhold pleier å innehalda.. Alle har ein travel kvardag i dag, sa ho. Ikkje berre bonden. Nokre har det kan hende ganske einsamt. Kommunikasjon er kjempeviktig!

  • Vinterlandbruksskulen til Helleland

    [15.03.2012] Frå ca 20.august 2012 vert det mogleg å ta faga Gardsdrift og Utmark og kulturlandskap på Landbrukssenteret på Helleland. Det er på kveldstid frå kl 18- 21.30. Ein kveld pr fag. Dei to påfølgjande åra kan ein ta dei andre faga som ein treng for å verta agronom om ein ynskjer det. Les meir på www.vlj.no eller ring 51 79 94 00. Ein kjempemulighet til å auka kunnskapen i verdas viktigaste yrke! Søknadsfristen er ute- men der er fortsatt god plass.

  • Jordpakking - eit viktig tema.

    [15.03.2012] 23 stk kom på Bondekafèen måndag 12. mars. Nono Dimby teikna og forklarte om bl.a køyreskadar og negative effektar av jordpakking. Matjordlaget er grunnlag for gardsdrift og for all plantevekst. Difor er det viktig å tenkja på korleis ein forvaltar dette. Dei frammøtte fekk på ein enkel og god måte innsyn i mikroorganismer, akseltrykk og hensynet ein må ta ved forskjellige jordartar. Gode råd vart der òg.

  • Årsmøte i Rogaland Bondelag

    [15.03.2012] 9. og 10. mars vart der avholdt årsmøte i Rogaland Bondelag i Sandnes. Ca 90 delegatar, der 4 representerte Bjerkreim, møtte til eit innhaldsrikt årsmøte med bl.a NBL-leiar Nils T. Bjørke som gjest. 2 resolusjonar vart sendt frå årsmøtet. Den eine etter innspel frå Bjerkreim. Den vart sendt som følgje av saka som vart behandla på Bjerkreim sitt årsmøte i oktober. Ola Andreas Byrkjedal, Gjesdal, vart valgt til leiar. Kjell Andreas Heskestad frå Lund vart valgt inn som Dalane sin representant for to år, etter at Stein Pettersen takka nei til gjenvalg.

  • Saman om det gode liv

    [08.03.2012] 7.mars samla det seg nærmare 240 stk på Bjerkreim Samfunnshus. Bondelaget, idrettslaget, diabetesforeningen, helselaget, pensjonistlaget og bygdekvinnelaget arrangerte i saman, etter invitasjon frå sistnemnde. Tema: Kva er god helse? og Kva betyr samhandlingsreformen? Per Fugelli var blant dei som fekk snakka for ein lydhør forsamling. Det er lurt å ta vare på kroppen sin sa han. Men(!) den er berre embalasje. Det inni deg er det som veg tyngst på helse-vektskåla. Leit etter "nokpunktet" ditt var eit av råda han gav.

  • Bjerkreim Bondelag tillet ikkje kommunen å ta lettvint løysing

    [06.03.2012] I forslaget til Sentrumsplan Vikeså er matjorda vest for E-39 ynskja som "framtidige sentrumsformål". Men Bjerkreim Bondelag meiner at matjord er dyrebar same kor ho ligg. No er arbeidet i gang med å gjera folk bevisste på at Bjerkreims matjord er opptatt jord.

  • Sosialt med bowling

    [03.03.2012] Lemmingssnakk, skonummer og "strike" var blant det som sto i fokus då bondelagsbowlinga til Bjerkreim gjekk av stabelen 02.03.12. 25 stk tok turen i samla flokk til Hana for å trilla kuler. Jørgen Egeland med 149 p fekk dagsrekorden. Mens Sven Bjarne Solberg var den som gjekk heim med premie. Han klarte utfordringa til bowlinghallen om å enda på ein forhåndsgitt poengsum når en omgang var slutt. Biffen som venta på Gjesdal Gjestgiveri med fløytegratinerte poteter etterpå var nærmast himmelsk. Verdt å venta på for svoltne bønder på tur.

  • Damenes aften 29.03.12

    [29.02.2012] Torsdag 29.03.12 kl 19.30 på Kløgetvedt-tunet. Korleis er det å leva på ein gard? Bondelaget inviterer herved damemedlemmene til ein kveld med fokus på trivsel.

  • Traktorkurs for damer.

    [29.02.2012] Vert til hausten! Informasjon om kor tid kjem etter sommaren. Kom gjerne med ynskje om tidspunkt til styret.

  • Bondekafè 12.03.12

    [29.02.2012] Vikeså Veiservice 12.03.12 kl 19.30. Tema: Jordpakking og drenering. God avling krev god jordpleie. Kom og få nokre tips før neste års vekstsesong. Nono Dimby vert med. Han arbeidde tidlegare hjå forsøksringen. No er han i landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen. Han kan mykje om jordpakking og drenering! Enkel servering. Vel møtt.

  • Jordbruksforhandlingane 2012-uttale sendt frå Bjerkreim

    [29.02.2012] Uttale frå Bjerkreim sendt vidare. To hovudsaker : inntekt og ressursgrunnlag. Inntektene må opp. Ressursforvaltninga må i fokus. På bondekafèen 20.02 møtte der 19 stk som kom med gode innspel som var med å forma uttalen. Organisasjonssjef i Rogaland BL,Olav Sande var med og viste litt tallenes tale og litt fremtidsutsikter. Gledeleg var det at heile 30 stk ynskja studieheftet med temaet "Med fokus på inntekt"i år. Desse fekk hefta tidleg i januar, så fleir enn på lenge hadde sjansen til å forbereda seg godt på førehand. Her kan de lesa heile uttalen.

CorePublish publiseringsløsning