Beitebruk

  • Tips en venn om denne siden

Ku på beite på Wasrudsetra i Tretten

Å ha dyr på beite er god dyrevelferd og god utnytting av naturressursane.I tillegg er beitebruk viktig for halde kulturlandskapet ope og landet i hevd.

Beitebruk er god dyrevelferd. Storfe som står i båsfjøs etter1.1.2024 skal ha minimum 16 veker med fri bevegelse og mosjon på beite i løpet av sommarhalvåret. Dyra skal også sikrast moglegheit til regelmessig mosjon og fri bevegelse resten av året. Storfe i lausdriftsfjøs skal ha moglegheit for fri bevegelse og mosjon på beite minimum 8 veker i løpet av sommarhalvåret. Sau og geit skal haldast på beite minst 16 veker i året.

God ressursutnytting

Beitebruk er god ressursutnytting. Vi har lite matjord her i landet, og to tredelar av denne jorda ligg i terreng og i klimasoner som ikkje egnar seg for noko anna enn grasdyrking. Graset er til gjengjeld ypperleg fôr til beitedyr, på same måte som utmarksbeite er det. På den måten blir graset indirekte kjøtt og mejølk til oss menneske. Berre gjennom husdyra kan vi nyttiggjere oss dette i matproduksjonen, og dersom vi skal auke den reelle sjølvforsyningsgraden må heile landet nyttast og mest mogleg av norsk matproduksjon må skje på norske beite- og fôrressursar.

Beitande husdyr sørgjer for eit ope og levande landskap og eit biologisk mangfald. 

Klimasmart

Beitebruk er klimasmart fordi det ikkje avgir CO2 ved jordarbeiding, det blir hausta utan bruk av fossilt brensel, og aktiv beiting gjer at vekstane avgir mindre CO2 grunna mindre forråtning.  Vi nyttar i dag berre halvparten av dei fôrressursane som er mogleg å hente frå beite i utmark. Ein praktisering av rovdyrforliket i tråd med målene for forliket vil gjere det mogleg å nytte denne ressursen betre mange stader i landet.

Rovdyrpolitikken i Noreg har eit todelt mål om å bidra til berekraftige rovdyrbestandar og på same tid ha ei berekraftig beitenæring i utmark. Dessverre er det ikkje samsvar mellom politikk og forvaltning i praksis. Beiteretten i utmark er i dag mange stader truga på grunn av store rovdyrtap.

Beitande husdyr sørgjer for eit ope og levande landskap. Beitedyr bidrar også til å oppretthalde eit biologisk mangfald i naturen.

Norges Bondelag meiner:

  • For å auke matproduksjon og sjølvforsyning i Noreg må det stimulerast til å produsere korn der det er mogleg, og gras i distrikta.
  • Vi må auke bruken av gras- og beiteressursane på inn- og utmark som grunnlag for husdyrproduksjonen.
  • Eit aktivt landbruk over heile landet skapar fellesgode som kulturlandskap, levande bygder og biologisk mangfald. Denne koplinga mellom matproduksjon og fellesgode er ein berebjelke i landbrukspolitikken.
  • For å auke matproduksjonen må beiteressursane bli utnytta betre, både innafor og utafor dei prioriterte beiteområda. Rovviltforliket må følgjast opp slik at rovviltbestandane er i tråd med bestandsmålet Stortinget har vedtatt.


 

Relaterte artikler

F.v. Gaute Nøkleholm (Norskog), Erling Aas-Eng (Bondelaget), Jon Anders Mortenson (Svahken sijte), Eirik Milde (H), Eva Kristin Hansen (Ap) og Marit Arnstad (Sp)

Må tilrettelegge for økt bruk av utmarka

- Politikerne må ta større hensyn til næringslivet som er avhengige av å bruke utmarksressursene, sier Erling Aas-Eng, leder i Hedmark Bondelag. Sammen med 18 andre organisasjoner overleverte han en felles rovdyrpolitisk plattform til Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Lars Petter Bartnes

- Ikke det landbruket vi vil ha

- At jordbruk handler om å bruke jorda, er sjølsagt for de fleste. Dessverre er ikke regjeringa vår så opptatt av det, sier leder i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Sau på utmarksbeite.

Rovviltforvaltning og politisk ansvar

Denne sommeren har så langt vært preget av mange rovdyrangrep på sau utmarksbeite. I Oppland er det nå tidligsanking av sauen fra utmarksbeite, fordi rovviltforvaltningen ikke fungerer, og fordi rovviltstammene er helt ute av kontroll.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
18
Januar

Kornkonferansen

Oslo Kongressenter
Mandag
06
Februar

AU-møte

Tirsdag
07
Februar

Styremøte

Våre samarbeidspartnere