Robin Sjøgård frå Nordland er den nest yngste årsmøtedelegaten. Her i lag med Tove H. Mosti Berg.Mange har lang fartstid som delegatar til årsmøtet i Norges Bondelag, mens andre er førstereis. I år vart det lagt merke til at unge delegatar frå fleire fylke tok ordet i generaldebatten, framom ein fullsett årsmøtesal.

Robin Sjøgård er årsmøtedelegat for Nordland for første gong og nest yngst av årets delegatar. 23-åringen valde å snakke om rekruttering i generaldebatten onsdag, for årsmøtedelegatar og statsråd Listhaug.

- Gjennomsnittsalderen er for høg

- Rekruttering er veldig viktig, og derfor ville eg ta ordet og snakke om det. Her i forsamlinga skryt vi av at gjennomsnittsalderen i jordbruket har gått ned, men han er framleis over 50 år. Det er ikkje godt nok, seier den engasjerte bonden frå Hemnes.

- Det er mange fleire som må inn i næringa om vi skal greie å oppretthalde volumet på produksjonen og antal gardsbruk. Hemnes kommune har gjort mykje bra for å få bønder til å ta over, og det er mykje landbrukskunnskap i kommunen, noko som gjer at vi er langt framme som jordbrukskommune. Dei erfaringane ville eg dele med årsmøtet.

Sjøgård er nestleiar i Hemnes Bondelag, og tar mykje med seg tilbake til lokallaget etter to dagar på Bondetinget.

- Ein lærar frykteleg mykje om organisasjonen ved å vere her. Det er inspirerande å treffe andre tillitsvalde, knytte nettverk og lære om korleis andre jobbar rundt om i landet, seier Robin Sjøgård.

Yngste delegat

Tonje Yddal, leiar i Osterøy Bondelag og yngste delegat på Bondetinget 2015. Den aller yngste delegaten, i år som i fjor, er Tonje Yddal, lokallagsleiar i Osterøy Bondelag.

- Eg er ikkje bonde, men eg skal bli det. Anten skal eg ta over garden til besteforeldra min, eller finne meg ein odelsgut, seier 20-åringen.

- Rekruttering er viktig for meg, og i år synst eg jamnt over at det var mykje viktig som vart  tatt opp i generaldebatten. Det eg synst det kanskje vart for mykje snakk om, er lammeslakttilskotet, seier Tonje Yddal.

Unge er opptatt av konsesjonsloven

NBU sin delegasjon på årsmøtet. Bygdeungdomslaget var sterkt representert på Bondetinget, og i år var konsesjonsloven ei viktig sak i innlegga deira.

- Konsesjonsloven er av avgjerande betydning for oss som vil inn i næringa, sa leiar Gunn Jorunn Sørum mellom anna frå talarstolen.