Innbyding til ope møte om ny jordbruksmelding

  • Tips en venn om denne siden

Her finn du e-posten med innbyding som vart sendt til lokallaga 10. januar

Ny jordbruksmelding - «endring og utvikling» eller «endring og avvikling»?

Ope møte på Thon Hotel Jølster, Skei tysdag 24. januar kl. 11 - 15

Den nye jordbruksmeldinga blir handsama i representantskapsmøtet i Norges Bondelag 11. januar. Der vedtar fylkesstyreleiarane, styret i Norges Bondelag og representantar frå samvirkeorganisasjonane strategien for det vidare arbeidet med meldinga.

I tillegg arrangerer Norges Bondelag møter fleire stader i landet. Der vil Landbruks- og Matminister Jon Georg Dale og leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes møtast til debatt.

Det første møtet går føre seg 24. januar på Skei, og du er invitert.

Styret i Hordaland Bondelag ynskjer at vi skal vere godt representert i dette møtet. 

Alle blir oppfordra til å samordne seg i privat-bilar for transport til Skei. Ta gjerne kontakt med fadderen for ditt lokallagt for avklaringar. Det blir vurdert mini-buss frå Voss.

Hordaland Bondelag vil dekke transportkostnadene med privatbil når det er fleire i den.

Det er fint om du informerer Hordaland Bondelag dersom du har ledig plass i bilen.

Vi legg ved invitasjonen møtet.

 

Mvh styret i Hordaland Bondelag.

 

Årsmøte i Hordaland Bondelag

Medlemstal for lokallaga 2.1.17

Medlmstalet pr. lokallag i dag avgjer kor mange utsendingar som kan reise på årsmøtet vårt 16.-17. mars i Ullensvang. De får lista på nytt når innkallinga kjem.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Tirsdag
24
Januar

Ope møte om den nye jordbruksmeldinga

Thon Hotel Jølster
Torsdag
16
Februar

Styremøte i Hordaland Bondelag

Landbrukstunet
Onsdag
15
Mars

Styremøte i Hordaland Bondelag

Hotel Ullensvang

Våre samarbeidspartnere