Miljøverndepartementet meiner at ei prøvejaktordning ikkje gjev svar på viktige dyreetiske spørsmål. Direktoratet for naturforvaltning har derfor fått i oppdrag å utrede dette nærmare.
- Til tross for at ein har funne pilspissar heilt tilbake frå steinalderen er bogejakt med dagens moderne utstyr å rekne som ein ny jaktform i Noreg. Eg er opptatt av at vi må stille dei same krava til human jaktutøving til denne jaktforma som til andre jaktformer. Difor treng vi meir kunnskap, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
I februar 2011 sendte Norges Buejegerforbund, i samarbeid med Norges Bondelag, Norges Skogeierforbund, NORSKOG og Norges jeger- og fiskerforbund, ein søknad om å få gjennomføre eit treårig prøveprosjekt med å bruke pil og boge til jakt. Prosjektet inneberer utprøving av bogejakt i utvalte regionar, men også kvalitetssikring av opplærings – og kvalifiseringsprosessar for bogejegarar.
Kilde: Miljøverndepartementet
