Søk

Du er her:

Positivt med modernisering av naturskadelova

Publisert 18.12.2009

- Det er viktig med ei erstatningsordning ved naturskadar, slik at ein kan sikre seg mot skader som ikkje dekkes av private forsikringsordningar, meiner styret i Norges Bondelag og ser positivt på ei modernisering av naturskadelova.

Illustrasjonsfoto: Solveig Haugan Jonsen.I utkastet til ny naturskadelov heiter det at den som vert utsett for naturskade har krav på erstatning på dei vilkåra som føljer lova. Erstatninga dekkar skade på fast eigedom og lausøyre, men ikkje skade som den skadelidne har høve til og forsikra seg mot - eller dersom vedkomande faktisk får dekka skaden av ei forsikring.

Endringane den nye loven legg opp til, er mellom anna:

  • Kortare sakshandsamingstid ved å fjerna lensmannskjønet og innføra ein rein forvaltningsmodell
  • Lovfesting av rettsreglane slik dei har utkrystallisert seg ved handsaming i domstolane
  • Tydelegare skilje mellom rett til erstatning for skade og høve til å søkja om midlar til sikring,
  • Utvida erstatningsansvar til også å omfatta festarar og andre rettshavarar.
  • Eigenandelen vert sett fast til 25 prosent av erstatningssummen
  • Opning for at styresmaktene i fleire saker skal gå til regresss mot tredjemann som har medverka til skaden eller som er årsaka til skaden
  • Ein kan få tilskott der det er gjennomført akutte tiltak for å avgrensa eller hindra naturskade.

Styret i Norges Bondelag meiner at:

  • Jordskifteretten bør avgjera ein søknad om naturskaderstatning, dersom den skadelidne og staten ikkje vert samde om erstatningsutbetalinga
  • Staten bør dekka kostnadene til handsaming i jordskifteretten,
  • Det er lite heldig at dei som vert hårdast råka av naturskader, skal få ein auka eigenandel i høve til i dag: For de store skadane bør eigenandelen reknast ut på same måte som i dag
  • For skadar under 100.000 bør styresmaktene vurdera å setje eigenandelen fast til til dømes 10.000.
  • Jordskifteretten må tilførast nødvendig kapasitet og kompetanse - retten etter krav frå skadelidte kan settes med meddommere med skjønnskompetanse.

Her kan du lese Forslag til ny lov om erstatning for naturskader.

Kontaktpersoner i Norges Bondelag: Nils T. Bjørke,

 

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning