Søk

Du er her:

Kontakt oss på: agder@bondelaget.no, tlf: 38 07 19 71

Økonomiprofessor på ville vegar

Publisert 27.01.2012

"Denne holdningen - denne myten synes temmelig inngrodd hos akademia. Det frustrerer- og det blokkerer for det faktum at landbruket vel er den næring med størst produktivitetsvekst de senere åra" Erik Fløystad ( bilete) slit med både seinskader og klein nattesøvn. Meltinga he kome i ulage. (foto: øystein moi )

 Tysdag 24. januar var festbordet dekka i det nye kulturhuset Kilden, i Kristiansand. På gjestelista stod ordførarar, politikarar, næringslivstoppar, folk frå det akademiske miljøet på Sørlandet - og ein og annan statsminister.

 Agderkonferansen 2012  vert å rekne for den største og viktigaste samlingsstaden i landsdelen for alle med interesse for næringsliv, politikk og offentleg forvaltning.

 Talarlista var lang, maten var god og det var god stemning i forstova i timane før statsminister Jens Stoltenberg kleiv opp på talarstolen.

God agronomi - og høg kompetanse er heilt avgjerande for å nå måla om auka norsk matproduksjon. Alternativet er dramatisk ... (foto: øystein moi )Midt i salen sat Erik Fløystad, frå Auste Moland. Meir talefør enn dei fleste. Sivilagronom, mjølkeprodusent - og leiar i Aust-Agder Bondelag.

Fløystad kan diskutere politikk, landbrukspolitikk medrekna, med dei aller fleste. Klår i hovudet, fagleg sterk - og med lang røynsle i det politiske miljøet.

 Ein av foredragsholdarane på Kilden denne ettermiddagen var professor v/ samfunnsøkonomisk institutt i Oslo, Karen Helene Ulltveit-Moe.

Professoren var ikkje sjølv tilstades i storstova. Intervjuet, eller foredraget om du vil, vart presentert for møtelyden på storskjerm. I fargar.
Det var då Ulltveit-Moe tok til å tale om kompetansekrav i norsk næringsliv at ho i fylgje Fløystad hamna ut på ville vegar.

Professoren presterte å seie noke slikt som at norsk landbruk er døme på ei næring kor det ikkje er særlege krav til fagleg kompetanse.

Fylkesleiaren i Bondelaget trur knapt kva han høyrer. Her er økonomiprofessoren på ville vegar. " Norsk landbruk -  norsk matproduksjon er ikkje for amatørar" seier Fløystad med klår røyst og eit tilhøyrande fargerikt vokabular. Adjektiva er i fleirtal.

 Auka kompetansekrav hjå kvar einskild bonde - og høgare status for heile landbruksnæringa er sentrale satsingsområde i vår nasjonale landbrukspolitikk. Skal me nå den nasjonale målsetjinga om auka matproduksjon, meir avling for kvart dekar jord, så er me avhengig av dugande fagfolk og tilhøyrande god agronomi. Ein politikk som he støtte i store delar av det norske folk. Det politiske miljøet medrekna.

"Denne holdningen/ myten synes temmelig inngrodd hos akademia. Det frustrerer-  og det blokkerer for det faktum at landbruket vel er den næring med størst produktivitetsvekst de senere åra"

 Me skulle gjerne hatt den aktuelle filmen tilgjengeleg på nett, og på den måten kunne dokumentere kva professoren sa. Ord for ord.
Eit omfattande byråkrati - og gjeldande lovverk gjer at dette ikkje let seg gjere.
Det som likevel er fullt mogeleg er at Karen Ulltveit-Moe gjer heimeleksa si. Ho bør tenkje seg om - og ho bør take ein telefon til Erik Fløystad. Her talar me om ein økonomiprofessor på ville vegar - og me talar om ein mjølkeprodusent som slit med både seinskader og dårleg nattesøvn etter ein festdag i Kilden Teater - og Konserthus.

Av: Øystein Moi

CorePublish publiseringsløsning