Er det mange som veit kva eit adressetilleggsnamn er? Eg trur ikkje det. Det er kommunen som er adressemyndigheit, men informasjonen om dette kan vere mangelfull.
Dei fleste kommunane er no i gang med å sette opp eit felles adressesystem basert på vegadresser. Alle faste bustader, bedriftslokale, fritidsbustader og i mange tilfelle tomter, blir definerte av lovverket som eit adresseobjekt.
Det vil seie at ein bustad eller eit gardsbruk (adresseobjektet) skal få tildelt ei offisiell adresse samansett av adressenamn, adressenummer og eventuelt adressetilleggsnamn. Med eit slikt adressesystem vil brannbil, sjukebil, drosje, vareleverandørar og private kunne finne fram til rett adresse raskt og sikkert ved hjelp av GPS.
Når adressa gjeld eit gardsbruk, kan eigar kreve at den offisielle adressa også skal omfatte garden sitt bruksnamn, dersom namnet fell språkleg og geografisk saman med eit nedarva stadnamn,. Også namn på særleg kjente institusjonar eller bygningar kan være med som slikt adressetilleggsnamn. Bommen er eit godt eksempel på såkalla kulturhistoriske bruksnamn.
Kommunen bør gå så langt lov og forskrifter tillet det, når det gjeld å godkjenne bruksnamn, også i tilfelle der det er slutt på vanleg gardsdrift, men at gardstunet no utgjer ei vanleg bustadtomt. På den måten kan ein ta vare på nedarva naturnamn og gamle gards- og bruksnamn som elles kan stå i fare for å forsvinne. Hovudføringa må vere den kulturvernmesssige verdien som er knytta til bruksnamnet på garden. Det er altså eigaren som må kreve, og kommunen som godkjenner adressetilleggsnamn. Ei tenkt adresse kan da ta seg slik ut: Nils Nilsen, Klokkargarden, Bruvegen 5, postnummer og stadnam.
Samtidig må ein legge arbeid i å bruke eksisterande grendenamn, naturnamn, gards- og bruksnamn som utgangspunkt når ein skal bestemme namn på vegar og område. På den måten kan ein oppnå gjenbruk av stadnamn som elles kan gå tapt. Ved omtanke kan ein her ta vare på kulturminne, lokalt språk, lokalhistorie og kulturhistorie.
Det er også viktig å bruke andre adresseendingar enn -vegen. Der det kan vere grunnlag for det, bør ein like gjerne bruke grende- eller naturnamnet (Berge, -dalen), andre nemningar for veg
(-kleiva, -stien, -bakken, -brekka, -faret) eller namn knytta til tidlegare bruk (Tømmerskotet, Saga, Kalvehagen).
Kommunane vil stå seg på å informere godt. Ved å hente inn forslag til namn skaper ein engasjement og positiv mottaking av eit svært verdifullt arbeid. Siktemålet er todelt – det skal vere lett og sikkert å finne fram, og vi skal ta vare på den kulturhistoriske skatten som ligg i lokale stadnamn.

Oddvar Moen
Snikkarplassen på Kile
