Søk

Du er her:

Kontakt oss på: agder@bondelaget.no, tlf: 38 07 19 71

Kvotefri gaupejakt i Aust-Agder

Publisert 09.01.2012

For første gang åpnes det for kvotefri jakt i ”rød sone” i Aust-Agder, dvs. kommunene Bygland, Evje & Hornnes, Iveland, Birkenes og Lillesand. "Dette er veldig bra" seier organisasjonssjef i Bondelaga på Agder, Finn Aasheim.

I Vest-Agder er det framleis kvotefri gaupejakt slik det har vore dei seinare åra. Det er i grannefylket, i aust, at det vert store positive endringer.
"Dette er ei gladmelding" seier Finn Aasheim.  Gaupejakta tek til 1. februar - og i løpet av dei neste to månadane kan ihuga jegarar skyte så mange dyr dei vil innanfor dei aktuelle kommunegrensene.
Årsaka til at det no vert inført kvotefri jakt er m.a. at det tidlegare er vedteke at det ikkje skal ver ynglande gaupe i dette området.
Aashein understreker at sjølv om gaupejakta no er kvotefri  - så er det framleis slik at jegeren omgåande må melde frå til viltstyresmaktene når eit dyr er avliva.
I dei øvrige kommunane i Aust Agder ( i tillegg til 4 kommunar tilhøyrande Telemark) , Rovviltregion 2 / jaktområde Vest 2 - er det framleis kvotejakt. Her kan det fellast totalt 4 dyr.

Du kan lese heile den offisielle kunngjeringa her.

Gaupa i Evje & Hornnes, Bygland, Iveland og Birkenes gjeng ein farefull ettervinter i møte. ( foto: øystein moi )

Av: Øystein Moi

CorePublish publiseringsløsning