Leiaren i Vest-Agder Bondelag, Birte Usland, er uroa øve situasjonen og ber kvar einskild av oss, styresmaktene medrekna, take omsut til desse faktorane når ein staker ut kursen for norsk landbruk og norsk matproduksjon dei komande åra.
Usland meiner ein no må planleggje på ein heilt ny måte slik at både bonden - og storsamfunnet i framtida kan garantere oss ein stabil matproduksjon. Ein matproduksjon, og ein matreserve, som sikrer innbyggjarane nok mat både i stormfulle dagar - og når sola skin frå ein skyfri himmelkvelv. Kvar dag.

Birte Usland
-Dei ulike produksjonane må fordelast geografisk slik at dersom avlinga slær feil ein stad i landet - så er det høve til å erstatte dette med produksjonar frå heilt andre produsentar.
Økonomien i næringa må vere slik at kvar einskild produsent he høve til å drive naudsynt førebyggjande arbeid - samstundes som ulike erstatningsordninger kan hjelpe til når "Frida" eller andre mannvonde lågtrykk feier inn øve kornåkeren eller potetåkeren.
Slik vergudane oppfører seg no om dagen er norsk matproduksjon på mange måtar for ein risikosport å rekne.
Dei store klimaendringene set storsamfunnet på enorme prøver. Nye utfordringer.
Bøndene er på mange måtar i ei særstilling. Bøndene he teke på seg eit enormt ansvar på vegne av heile nasjonen. Matproduksjon er vel, utan atterhald, den viktigaste produksjonen nokon kan drive på med.
Medan politikarar, forskarar, vitskapsmenn og andre skriftlærde tykkjest vere mest opptekne av å finne årsaka til dei dramatiske klimaendringene, bør landbruksnæringa vere meir opptekne av å finne ei høveleg løysing på problema.
Ei løysing som i framtida bør sette djupe spor i ei ei kvar landbruksmelding, eit kvart jordbruksoppgjer og eit kvart politisk partiprogram.

Foto: øystein moi
