Capsen" på hovudet høyrer til grunnutrustinga. Truleg er det berre kjerringa, og dei næraste pårørande, som he sett han utan denne.
Gunnar Eivind er heiltidsbonde. Ein av dei 6 mjøkeprodusentane som er att i Evje & Hornnes kommune. Eg møter ein bonde som er stolt av yrket sitt, som er glad i arbeidsplassen sin - og som he stor tru på ei ljos framtid for norsk landbruk.
Far hans, Olav Arne, døyde i 1991 og det var då heilt naturleg at eldstesonen skulle take øve drifta av heimegarden. Eit lett val for Gunnar Eivind. Han hadde aldri nokon gong vore det minste i tvil om sitt eige yrkesval.
Alt som 7 åring tømde han sparebøssa og kjøpte seg sine 3 fyrste sauar av grannen Åsulv Vollen.
I dag ser me resultatet av eit målretta og fagmessig utført arbeid gjennom 20 år. I fjoset stend 15 mjølkekyr på båsen- og 270 vinterfora sau fær det aller beste stell av bonden sjølv. Mjølkekvota er på 120 000 liter.
Kvart år sender han dei fyrste sauane på fjellbeite, i heiområdene mellom Åseral og Bygland. Mellom Ånebjør og Heggland.
Gunnar Eivind legg lite i mellom når han uttalar seg om norsk rovdyrpolitikk. Ein politikk som, utan atterhald, er det største trugsmålet mot sauehald på heile Agder. "Me som driv med beitedyr er eigentleg fritt villt for alt som heiter miljøstyresmakter i detta landet. Det er i tillegg ei stor psykisk påkjenning når ein veit at ulven er på vandring i beiteområda. Det er ingen god grunn til at me skal ha ulv i Noreg. Send han attende til Russland. Det er der han kjem frå- og det er der han høyrer heime."
Smilet er aldri langt unna når ein er i lag med Gunnar Eivind Greibrokk. Fagleg engasjert, men likevel tid til ei god historie. Ofte frå nærmiljøet- og frå Dåsvassdalen. Sjølv om han driv verksemda, gardsbruket, alleine så er ikkje einsemda noke problem. Han trivast i eige selskap, og han trivast i hop med dyra sine. Den daglege turen til "Lygarbordet," på kroa i Dåsnes, gjer at han alltid er oppdadert med siste nyhende frå røystekrinsen.
Då eg vil vete kva han reknar som høgdepunktet i gardsdrifta gjennom eit kalenderår så fær eg eit klårt svar. Gunnar Eivind legg ein smellfeit rullings i munnvika og svaret kjem samstundes med tobakksrøyken. " I denne bransjen tykkjer eg det er nye høgdepunkt kvar dag, heile året. Når graset spirer og gror. Når avlinga vert god, dei nyfødde lamma hopper rundt på grasvollen- og når dyra ligg gode og mette på båsen kvar kveld."
Det er viktig å få fram alle dei positive sidene ved norsk landbruk. Spesiellt bør media merke seg dette. Det er ingen tvil om at norske forbrukarar set pris på, og ynskjer, eit levedyktig norsk landbruk, Fokus på gode råvarer, kortreist mat, god dyrevelferd, eit vedlikehalde naturlandskap - og levande bygder vil aldri gå av mote. Etterspurnaden etter mat, sunn mat, er så avgjort ikkje noke forbigåande fenomen. Tvert om.
Gunnar Eivind he lite forståing for at lokale, og landsdekkjande, media kvart einaste år kunngjer dei såkalla "tilskotslistene" som syner kva kvar einskilde bonde fær i tilskot frå staten. Dette kan så alt for lett føre til mistyding og negativ omtale. Feilen med desse tala er m.a. at folk ikkje ser det totale biletet- samanhengen mellom t.d. kostnader og tilskot.
Atende til det positive. Gleda ved å ha sin eigen arbeidsplass, vere sin eigen sjef- og ikkje minst det å vere herre i eige hus. Gunnar Eivind Greibrokk meiner og at det kviler eit ansvar på kvar einskild gardbrukar om å få fram det som er positivt i næringa. Bonden er på mange måtar sin eigen ambassadør. Det er viktig å lyfte i flokk, og saman så stend heile bondestanden så mykje sterkare.
Greibrokk leiger jord øve store delar av bygda. Meir enn 500 mål skal haustast kvar sesong for å sikre nok innhald i meltingsorgana til både Dagros- og til Spelsauen.
På tunet stend ein flunkande ny traktor. Den daglege arbeidsplassen til Gunnar Evind, både sumar og vinter. Den viktigaste reidskapen, og på mange måtar sjølve navlestrengen i det daglege arbeidet på garden. I førarhytta sit den nøgde, stolte- og smilande bonden meir enn 1000 timar kvart einaste år. Då lyt det våge seg at prislappen nærmer seg ein million. Ei investering for dagen i dag- og for framtida. Er det noke Gunnar Eivind Greibrokk he tru på- ja så er det trua på ei ljos framtid for norsk landbruk.
Torhild er ferdig med oppvasken inne på kjøkkenet. Ei ny vaffelrøre stend til godgjering på kjøkkenbenken. Bonden he åremålsdag. Ein omtykt 50 åring med mange vener. Det er klart for neste bordsete. Mykje truleg med kortreist mat på bordet- og med nytappa heilmjølk, i høge glas.
Framtida ser ljos ut for Gunnar Eivind Greibrokk. 50 år, like sprek, klår i hovudet og med ei drivande flink jente på kjøkkenet.
Gardsdrift er på mange måtar som å sykle på ein tandemsykkel. Båe to er heilt og fullt avhengige av kvarandre. Ikkje berre når det er åremålsdag.
