Søk

Du er her:

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

2009: Finanskrisa reduserte rentene, men ……….

Publisert 18.02.2010

2009 var det året finanskrisa skapte dei store overskriftene ved starten av året medan fredspris til Barack Obama, mislukka klimatoppmøte i København og vinterkulda skapte dei største overskriftene ved utgangen av året. Ein solid norsk økonomi med auka bruk av offentlege kroner kombinert med kraftige rentekutt medverka til å ta luven av finanskrisa. No skal det sparast på dei offentlege kronene. Handlingsregelen skal følgjast.........

Den raudgrøne regjeringa har fått fornya tillit, og våre forventningar er framleis store til at det vert gjort grep som sikrar at det å produsere mat vert verdsett i kroner og øre på eit høgare nivå enn i dag. I nokon høve har gjerne forventningane vore for høge, medan vi i andre høve meiner at regjeringa med Statsministeren i førarsetet ikkje har gjort jobben sin godt nok. Særleg gjeld dette inntektsutviklinga til den einskilde bonde. Det som kunne ha vore gode jordbruksoppgjer er vorte ete opp av ein sterk kostnadsvekst både på innsatsfaktorar og på foredlingssida.  Resultatet vert at mange bønder kjenner at inntekta står på staden kvil på eit lågt nivå.

Slik startar fylkesleiar Per Hilleren si helsing på permsida til årsmeldinga for Sogn og Fjordane Bondelag for 2009 som du finn i sin heilskap her

CorePublish publiseringsløsning